Spanande moglegheit innan rekneskap i Hardanger!
ØkoRåd Hardanger og Voss
Sjusetevegen 27, 5610 Øystese, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Regnskapsfører
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Har du ei tilknyting til Kvam -- eller har du lyst til å hoppa på denne moglegheita for å sjekka ut om livet i Kvam er noko for deg? ØkoRåd Hardanger og Voss er i vekst og søkjer etter ein ny kollega til vår avdeling i Øystese! Me oppfordrar alle interesserte, både nyutdanna og erfarne rekneskapsførarar, til å søkja.
Som rekneskapsfirma ynskjer me å skapa ein arbeidsplass som skil seg frå snittet i bransjen. Me ynskjer å ha ein fleksibilitet i arbeidskvardagen og eit berekraftig arbeidstrykk gjennom året. Vår ambisjon er å vera ein lokal, framtidsretta arbeidsplass. Det skal vera rom for ambisjonar og personleg utvikling, men også rom for ulikt arbeidstrykk gjennom livets ulike fasar.
Arbeidsoppgåver:
-
Kundekontakt
-
Rekneskapsføring/lønn/årsoppgjer
-
Rådgjeving
-
Porteføljeansvar
Kvalifikasjonar:
-
Relevant erfaring frå rekneskap, lønnsarbeid, revisjon eller årsoppgjer
-
Autorisert rekneskapsførar er ynskjeleg, men ikkje eit krav
-
Dersom du har erfaring frå rådgjeving, rapportering eller andre økonomifunksjonar, kan du også vera ein aktuell kandidat for oss.
-
Ynskjeleg med erfaring frå eller interesse for landbruk
Eigenskapar:
-
God systemforståing
-
Gode kommunikasjonseigenskapar
-
Sjølvstende og samarbeidsevne
-
Er strukturert og systematisk
-
God digital kompetanse
Me tilbyr
-
Kjekt arbeidsmiljø med stor grad av fleksibilitet i arbeidskvardagen, blant anna fleksitid og høve til nokre dagar på heimekontor.
-
Kontorplass i Øystese saman med Øystese-teamet, og fleire gode kollegaer og fagleg nettverk på Voss og i Ulvik.
-
Fagleg og personleg utvikling. Tilbod om intern og ekstern kursing.
-
Moglegheit for å utforska nye ansvarsområde både internt og i Økoråd-kjeden.
-
Gode lønns- og pensjonsvilkår
Om bedriften
ØkoRåd-kjeda består av 40 rekneskapskontor med lokale avdelingar over heile landet. ØkoRåd Hardanger og Voss har avdelingar i Øystese, på Voss og i Ulvik. ØkoRåd leverer tenester innan økonomi. Rekneskap er vår kjerneverksemd.
Me er tett på kunden, og me er opptekne av personleg utvikling og trivsel på jobb.
Sektor
Privat