Kommuneoverlege/Fastlege
Bykle kommune, Bykle
Sarvsvegen 14, 4754 Bykle, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Kommuneoverlege/Fastlege
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Kommuneoverlegen er organisatorisk plassert i kommunedirektøren sin stab, med kommunedirektør som næraste overordna.
Du vil oppleva varierte oppgåver. Vi ligg 3 timar reiseveg frå sjukehus og mange problemstillingar vert difor løyst lokalt. Kontoret har digitalt røntgenapparat med avtale om tolking av bilde frå spesialisthelsetenesta. Ein del enkle brotbehandlingar skjer hjå oss. Vi har i tillegg utstyr til ultralyddiagnostikk. Kommunane er typiske turistdestinasjonar og det er ein sesongvariasjon med omsyn til populasjon og problemstillingar. Om sumaren er det vanleg at vi er samlokalisert i Bykle helsehus. Vi er et helsesamarbeid, som betyr at du til tider må kunne jobbe både på Hovden, i Bykle eller i Valle.
Arbeidsoppgaver
Som kommuneoverlege
- Ta vare på samfunnsmedisinske oppgåver: miljøretta helsevern, smittevern, psykisk helsevern, helsemessig og sosial beredskap, medisinskfagleg rådgiving jf. helse- og omsorgstenestelova §5-5, helsestatistikk og epidemiologi, kommunal planlegging og beredskap jf. folkehelselova §4, 5 og 6
- Ivaretakelse av andre oppgåver som i lovgivning er særskilt tillagt kommuneoverlegen
- Utarbeide folkehelseoversyn og delta i kommunen sitt folkehelsearbeid
- Delansvar i planarbeidet retta mot kommunale helsetenester
- Bidra i samhandlinga med spesialisthelsetenesta og andre kommunale helsetenester
- Fagansvar for fastlegeordninga og oppfølging av fastlegar i kommunen
- Arbeide tett saman med tenesteleiar helse og vera støttespelar
- Overordna ansvar for kommunen sine oppgåver i ny spesialistutdanning
- Sakshandsaming av politiske saker innan fagfeltet
- Delta i kommunen sine kriseberedskap
- I stillinga inngår det 50% kommunalt fastlegearbeid
- Det vert teke atterhald om endringar i arbeidsoppgåver
Som fastlege
- Generelle allmennmedisinske oppgåver i uselektert fastlegepraksis, inkludert daglegevakt
- Beredskapslegevakt og bakvakt for LIS1
- Spennande akuttmedisinske problemstillingar knytt til skadehandtering og liknande
Kvalifikasjoner
- Norsk autorisasjon som lege
- Fortrinnsvis spesialist i samfunnsmedisin, men spesialister i allmennmedisin kan og søke
- Søkjare utan spesialisering i samfunnsmedisin må gjennomføre dette utdanningsløpet. Kommunen har avtale om individuell vegleiing med spesialist i samfunnsmedisin med efaring frå tenesta
- Me ynskjer røynsle frå samfunnsmedisinsk arbeid i kommunen, fastlegearbeid, kommunal fastlegeteneste og/eller samarbeid med spesialisthelsetenesta
- God framstillingsevne på norsk, både munnleg og skriftleg, samt grunnleggjande engelskkunnskapar
- Førarkort klasse B
- God digital kompetanse
Personlige egenskaper
- Stor interesse og engasjement for samfunnsmedisin
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Analytisk, strukturert, fleksibel og evne til å tenke heilskapleg
- Handlekraftig og lojal
- Oppteke av endrings- og forbetringsarbeid
- Systematisk og pålitelig arbeidsstil
- God klinisk vurderingsevne
- Du er parat til å dele din kunnskap med, og lære av andre
- Du er oppteke av eit godt arbeidsmiljø og bidrar aktivt til dette
- Personlege eienskaper vil vert lagt vekt på
Vi tilbyr
Engasjerte og erfarne legekollegaer og medarbeidarar
Hektisk, spennande og utfordrande fastlege- og legevaktjobb
Gode samarbeidspartnarar
Fastlønn etter avtale og beredskapsvakter lønnast med «Nord-Noreg-tillegget»
Flott natur med gode friluftsmoglegheiter
Storbyliv tre timar køyreveg unna
Vi er behjelpelig med å skaffe bustad
Andre opplysninger
Kommunen følgjer vanlege vilkår for avtaleheimler fastset i lov, forskrift og avtaler
Krav om politiattest ved tilsetjing
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot. Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss. Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering
Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar!
Kontaktinformasjon
Kjetil Juva, Lege med spesialitet, 97574410
Arbeidssted
Sarvsvegen 14
4754 Bykle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bykle
Referansenr.: 4884012203
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.12.2024
Om bedriften
Bykle kommune som arbeidsgjevar:
- Vi er organisert på to nivå: kommunedirektør med stab og 7 tenesteeiningar
- Vi er ca. 190 tilsette
- Hos oss er det kort avstand mellom leiar og tilsett
- Vi er ei IA-bedrift
Om Bykle:
- Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal
- Kommunesenteret er lokalisert i Bykle
- Hovden er eit stort turistsenter, og i sesong aukar innbyggjertalet i kommunen til over 20 000
- Fritidstilboda er mange og varierte, både sommar og vinter. Vi har blant anna eit flott alpinsenter, nypreppa langrennsløyper både i nærområde og på høgfjellet, golfbane og badeland
- Vi er kjende som eit attraktivt turistmål med gode kraftinntekter
- Det er løpande SFO- og barnehageopptak
Avstandar:
- Bykle - Kristiansand er 18 mil
- Bykle - Oslo er 29 mil
- Bykle - Stavanger er 33 mil
- Bykle - Bergen er 35 mil
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2799963
- Hentet fra
talentech
- Referanse
aabfaf7183ca43ffa2195da827efc12d