Avtaleforvaltar
divisjon medisinskteknisk utstyr og laboratorieprodukt, Sjukehusinnkjøp HF
Inger Bang Lunds vei 4, 5059 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Avtaleforvalter
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. august
Om stillinga og kven vi er
Sjukehusinnkjøp HF er eit nasjonalt helseføretak med ansvar for å gjennomføra og forvalta anskaffingar på vegner av alle sjukehus i Noreg. Vi inngår avtalar på alt frå medisinsk utstyr og legemiddel til bygg, IKT og tenester – og følgjer dei tett opp i heile avtaleperioden. Dette gjer oss til ein av Noregs største innkjøpsorganisasjonar, med eit sterkt fagmiljø innan offentlege anskaffingar, kontraktsforvaltning og leverandøroppfølging.
No søkjer vi etter ein ny kollega til teamet vårt for avtaleforvaltning. Vi ser etter deg som vil bidra til at avtalane vi har inngått gir verdi i praksis – for sjukehusa, pasientane og samfunnet. Du blir ein del av eit solid fagmiljø i kontinuerleg utvikling, med engasjerte kollegaer, tydeleg samfunnsoppdrag og eit godt arbeidsmiljø.
Vi søkjer to strukturerte og serviceinnstilte medarbeidarar
Avtaleforvaltar – fokus på drift, kundedialog og oppfølging
Vil du bidra til at avtalane vi har inngått for sjukehusa i Noreg faktisk fungerer i praksis? Er du typen som liker å ha oversikt, få ting unna, og samtidig vera den trygge personen som helseføretaka kan kontakta når det gjeld praktisk avtaleoppfølging? Då kan dette vera stillinga for deg.
Vi søkjer no etter ein ny kollega til kontoret vårt i Bergen. Dei vil få eit særleg ansvar for å sikra god oppfølging av leverandørar og kundar i driftsfasen.
Vi har vanlegvis to intervjurundar, med sjekk av attestar og referansar. Alle søkjarar får tilbakemelding på søknadene sine, uavhengig av om dei blir kalla inn til intervju eller ikkje. Sjukehusinnkjøp HF er pliktig til å utarbeida offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer å reservera deg mot oppføring, må du oppgi og grunngi dette når du søkjer på stillinga. Du vil bli kontakta dersom søknaden ikkje blir innvilga og få høve til å trekkja søknaden, jf. offentleglova § 25.
Kvar held vi til?
Stillingane er plasserte i avdelinga ved divisjonen for medisinteknisk utstyr og laboratorieprodukt, avdeling avtaleforvaltning. Kontorstad er Bergen.
Arbeidsoppgåver
Om rollenSom avtaleforvaltar vil du ha ansvar for å:
- Følgje opp eksisterande avtalar med fokus på drift, endringar og avvik
- Vere kontaktpunkt for helseføretaka i spørsmål knytt til kontraktar og leveransar
- Halda oversikt over freistar, dokumentasjon og forpliktingar i avtaleporteføljen
- Samarbeide tett med innkjøparar, leverandørar og brukarar
- Sørgje for ryddig og strukturert dokumentasjon i våre systemer
Dette er ei rolle som passar for deg som trivst «på innsida» av organisasjonen – med PC, system, kundedialog og kontroll.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning (t.d. administrasjon, økonomi, jus, helsefag)
- Erfaring med oppfølging av kontraktar, kundeførespurnader eller systemarbeid
- Kjennskap til offentlege anskaffingar er ein fordel, men ikkje eit krav
- Evne til å setja seg raskt inn i digitale arbeidsverktøy og rutinar
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Har eit skarpt blikk for detaljar og systematikk
- Trivst med moderne prosessorientert arbeidsflyt der analyse av data er ein viktig del av jobben
- Får energi av å «kryssa av» oppgåver og halda oversikt
- Har god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk
- Liker å hjelpa andre – og har ei naturleg serviceinnstilling
- Jobbar sjølvstendig og tek eigarskap til ansvarsområda dine
- Held hovudet kaldt når det er mange førespurnader på ein gong
- Har gjerne erfaring frå kundeservice, kontraktsforvaltning, offentleg sektor eller helsetenesta
Vi tilbyr
Kva tilbyr vi?- Ei viktig rolle med stor samfunnsverdi – du bidreg til at sjukehusa får det dei treng
- Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø
- Moderne kontorlokale og fleksibel arbeidskvardag
- Tett oppfølging i opplæringa og støtte frå erfarne kollegaer
- Moglegheit for både fagleg fordjuping og utvikling over tid
- Lønn etter avtale og kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Livsfaseorientert personalpolitikk
- Moglegheit for trening i arbeidstida
- Moglegheit for heimearbeid
Søknadsprosessen
Denne annonsa er på nynorsk - men hjå oss i Sjukehusinnkjøp HF kan du nytta begge dei norske målformene. Du vel sjølv kva målform du skriv søknaden i.
Søkjarar som blir vurderte som mest kvalifiserte, blir kalla inn til intervju. Vi har vanlegvis to intervjurundar, med sjekk av attestar og referansar. Alle søkjarar får tilbakemelding på søknadene sine, uavhengig av om dei blir kalla inn til intervju eller ikkje.
Sjukehusinnkjøp HF er pliktig til å utarbeida offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer å reservera deg mot oppføring må du oppgi og grunngi dette når du søkjer på stillinga. Du vil bli kontakta viss søknaden ikkje blir innvilga og få høve til å trekkja søknaden, jf. offentleglovas §25.
Kontaktinformasjon
Geir Andre Pedersen, Avdelingsleder, +47 92 48 83 30, geir.andre.pedersen@sykehusinnkjop.noArbeidssted
Inger Bang Lunds vei 45059 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Sykehusinnkjøp HFReferansenr.: 4981432655
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sykehusinnkjøp HF er et nasjonalt foretak som leverer anskaffelses- og innkjøpsrelaterte tjenester til norske sykehus. De fire regionale helseforetakene eier foretaket og er samtidig våre oppdragsgivere. Hovedkontoret vårt er i Vadsø, og vi har kontorer i hele landet. Sykehusinnkjøp HF har operativt ansvar for innkjøp i hele spesialisthelsetjenesten. Vi skal være profesjonell, spesialisert og tilgjengelig for brukerne. Vi skal også fremme innovasjon og være en pådriver for etisk handel og miljøvennlige innkjøp. Se www.sykehusinnkjop.no for mer informasjon om oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5ac8e389-dd2a-4226-88c8-6c2ea63cf81d
- Hentet fra
talentech
- Referanse
988e2c573a924ffbb14593f9af667f2b