Vil du gjera ein forskjell for andre?
Suldal kommune Organisasjon og innbyggarkontakt
Eidsvegen 7, 4230 Sand, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærling - helsearbeidarfaget
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Me søkjer deg som trivs med å arbeida med mennesker i ulike aldrar og med ulik bakgrunn. Som lærling får du praktisera det du har lært på skulen. Du vil få varierte og meiningsfulle oppgåver, som gir deg moglegheita til å utvikla deg både faglege og personleg. Hos oss får du ein kvardag fylt med utfordringar og meistring, og me skal gjer deg trygg i læreløpet.
Som lærling hos oss får du arbeide i ulike einingar og får rullere mellom Suldal sjukeheim, Suldal bu- og aktivitetstiltak og Suldal heimeteneste. Lærlingar arbeidar turnus, noko som inneber arbeid på dagtid, kveldstid, i helger og på heilagdager. Læretida er normalt 2 år, og oppstart er enten før sommarferien eller i august 2025.
Intervju blir gjennomført i vinterferien.
Kva kan me tilby som arbeidsplass?- 100 % mellombels stilling i læretida
- Oppfølging av dyktige instruktørar.
- Sommarfest for sommarvikarar og lærlingar
- Me har eit aktivt velferdsutval som fleire gongar i året arrangerer felles aktivitetar og samlingar.
- Me er opptatt av å vera i stadig utvikling og er stolte av å kalla oss ein LEAN-kommune. Hos oss får du høve til å vera med å skape framtidas Suldal.
- Fagleg utvikling skjer sjeldan aleine. Me er opptatt av å læra av kvarandre og legg opp til at det skal vera aktive og gode fagmiljø rundt våre tilsette.
- Du som har bestått VG1 Helse og oppvekst
- Du som har bestått VG2 Helsearbeiderfag eller ferdig med dette juni 2025.
- Me nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon i Suldal kommune. Er nynorsken litt rusten? Ikkje la vera å søk! Me hjelp deg med å friske opp kunnskapane.
Me priorieterer søkjarar med ungdomsrett og som er busett i Suldal kommune.
Andre opplysningar:- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar. Og tuberkuloseattest iht. forskrift
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa. Fagansvarleg i faget er Jarle Nilssen.
- Suldal kommune samarbeider med opplæringskontoret Rytopp. For meir informasjon sjå www.rytopp.no
- Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
- Lønn etter tariff (som lærling)
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Hugs å leggja ved vitnemål fra VG1 og karakterutskrift fra VG2 (1.termin).
- Treng du hjelp, kan du venda deg til kommunen på tlf 52 79 22 00
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2842936
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3456333_203629_nn