Skap minneverdige opplevelser som hotellsjef på Fjordslottet
Fjordslottet Hotell AS
Osterøyvegen 2715, 5283 Fotlandsvåg, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Hotellsjef
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, kveld og natt, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk, skandinavisk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Send søknad til
Er du vår nye hotellsjef på Fjordslottet Hotell?
Draumar du om å leie eit hotell med sjel og historie, midt i eit vakkert fjordlandskap?
Fjordslottet Hotell søkjer ein engasjert og erfaren hotellsjef som vil vere med på å vidareutvikle hotellet og skape minneverdige opplevingar for gjestane våre.
Som hotellsjef får du ansvar for den daglege drifta, personalleiing og strategisk utvikling. Du blir ein nøkkelperson i eit dedikert team som brenn for gjestfrihet og god service.
Arbeidsoppgåver:
-
Leie den daglege drifta av hotellet
-
Personalansvar og teamutvikling
-
Følje opp rutiner og kvalitetsarbeidet
-
Budsjett- og resultatansvar
-
Følje opp og nå nøkkeltall (KPI) for ei effektiv drift
-
Sikre høg kvalitet på service og gjesteoppleving
-
Planlegging og gjennomføring av sal og marknadsføring
-
Vidareutvikle hotellet sitt konsept og tilbod
-
Samarbeide tett med daglig leder og kjøkkensjef
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
-
Erfaring frå hotell- og reiselivsbransjen, gjerne i leiarstilling
-
Gode leiareigenskapar og evne til å motivere andre
-
Økonomisk forståing og erfaring med budsjettansvar
-
Strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert
-
God serviceinnstilling og evne til å skape gode gjesteopplevingar
-
Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk
Vi tilbyr:
-
Ei leiarstilling i eit unikt og sjarmerande hotell
-
Moglegheita til å forme utviklinga vidare
-
Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
-
Konkurransedyktige vilkår
-
Vakker arbeidsstad midt i fjordriket på Vestlandet
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjordslottet Hotell ligg på Fotlandsvåg på Osterøy, Nord-Europas største innlandsøy, berre 45 minutt frå Bergen. Hotellet har ei rik historie, opphavleg bygd som herskapshus i 1851 av bergenskjøpmannen Carl Joacim Hambro . Etter restaurering i 1997 vart det opna som hotell og tilbyr i dag 40 rom og selskapslokaler.
Hotellet er omgjeve av vakre fjord- og fjellandskap, og tilbyr ei heimkoseleg atmosfære med historiske salongar, heimelaga mat og lokal drikke . Fjordslottet er òg eit ideelt val for selskap, bryllaup, kurs og konferansar, med fleksible møtefasilitetar og variert aktivitetstilbod .
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2948459
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
5ac44b03-8c0e-47c9-9f45-3984c8adb907