Fysioterapeut, i inntil 100% fast
Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helse. Tilsetjing 100% fast st. fysioterapeut frå august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. mai
Om stillinga
Vil du verte vår nye fysioterapeut med spanande og varierte arbeidsoppgåver? Sjekk ut denne annonsen og søk då vel!
Gulen kommune har ledig i inntil 100% fast stilling som fysioterapeut, med tilsetjing frå august 2025/etter avtale.
Gulen kommune er ein god stad å bu og arbeide, og me ynskjer deg hjarteleg velkomen. Gulen kommune har i dag to fysioterapeutar, kor delar av tilbodet er via driftstilskot, og ein ergoterapeut. Vår nye kommunale fysioterapeut vil verte ein del av eit godt fysio-/ergoterapeutfelleskap, og vil yte teneste i heile kommunen. Tenesta har i dag tett samarbeid med heimebaserte tenester og sjukeheim. Arbeidskvardagen vil vere varierande med oppfølging av ulike aldersgrupper både ved institusjon i heile kommunen og ved heimebesøk. Kontorstaden er ved Gulen sjukeheim. Tenestene er organisert under eining helse, som også inneheld andre kurative tenester.
Arbeidsoppgåver
- Pasientbehandling og oppfølging på individ- og gruppenivå
- Kartlegge funksjonsnivå og hjelpebehov av brukarar
- Deltaking i individuelle behandlingsplanar
- Førebyggjande arbeid/folkehelsearbeid
- Vere med å vidareutvikle fysioterapitenesta
- Opplæring av tilsette
- Delta i aktuelle prosjekt
- Hjelpemiddelformidling (bestille, tilpassing, tilbakelevering, kommunalt lager)
- Arbeidsoppgåver innan kommunal koordinatorfunksjon er lagt til tenesta
- Andre oppgåver etter behov
Me tilbyr Sletting av studielån
- Ein kjekk og hektisk arbeidskvardag i ein kommune i utvikling
- Spanande og varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg miljø
- Her er gode vilkår for fagleg utvikling og moglegheit for styring av eigen arbeidskvardag
- Gode forsikring og pensjonsordningar
Bur du i Gulen kommune og er i jobb kan du få sletta 25 000kr av studielånet ditt (oppteninga startar 01.01.2025, som gir gjeldssletting tidlegast 01.01.2026). Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt. Alle yrkesaktive som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 frå 01.01.2025, eller flyttar hit når som hels etter denne datoen, vil etter eitt år kunne få sletta 25 000kr i året. Tiltaket gjeld alle typar utdanningsgjeld, uavhengig av når den er teken opp (kjelde,www.regjeringa.no).
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som fysioterapeut
- Ynskjeleg med erfaring frå arbeid som fysioterapeut
- Ynskjeleg med erfaring frå søknadsprosess i høve NAV/hjelpemidlar
- Har førarkort klasse B
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne (norsk)
- God relasjonskompetanse
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel, strukturert og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer
- Kan arbeide både sjølvstendig og i team
- Har evne til å skape tillit og jobbe med endring
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkarjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted