Er du vår nye lege?
Gol kommune Helseavdelinga
Gamlevegen 4, 3550 Gol, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fast 100% stilling som fastlege ved kommunelegekontoret
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. august
Ved kommunelegekontoret på Gol er det ledig ei fast 100 % stilling som fastlege, med oppstart etter avtale. Kontoret har seks fastlegar, ein LIS1-lege og eit tverrfagleg miljø med brei fagkompetanse.
Stillinga er fastlønna, og har ei listelengde på om lag 1000 innbyggjarar. Det vil også inngå éin dag i veka som tilsynslege ved sjukeheimen.
Stillinga som fastlege omfattar også deltaking i Ø- hjelp på dagtid og full legevakt. Vi har legevaktsamarbeid med Nesbyen (8-delt vakt) på kveld, helg og høgtid. Nattlegevakt vert dekka gjennom interkommunalt samarbeid med base i nabokommunen Ål.
Ynskjer du eit spennande og variert legeliv og med gode samarbeidpartnerar, er dette ein god arbeidplass. Legekontoret vårt er moderne og godt utstyrt, mellom anna med digitalt røntgenutstyr og ultralyd.
Som fastlege hjå oss i Gol kommune vil du få høve til å utvikle deg fagleg og vere med på å byggje eit helsetilbod som gjer ein forskjell – midt i hjartet av vakre Hallingdal!
Arbeidsoppgåver- Fastlege for om lag 1000 innbyggjarar
- Kommunale oppgaver, eksempelvis tilsynlege sjukeheim
- Ø-hjelp på dagtid
- Legevakt
- Lege med norsk autorisasjon
- Gjennomført LIS1
- Spesialist i allmennmedisin, eller under utdanning som spesialist i allmennmedisin
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B (nødvendig for legevakt)
- Ønskjeleg med førarkort for utrykning (kode 160). Kommunen har eiga legebil godkjend som utrykkingskøyretøy.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- Har gode fagkunnskapar
- Er sjølvstendig og ansvarsbevisst
- Samarbeidar og kommuniserer godt med pasientar og kollegaer
- Har interesse for fagutvikling og tverrfagleg samarbeid
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vi tilbyr- Eit godt arbeidsmiljø i trivelege lokale
- Kollegial støtte og samarbeid
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Tverrfagleg samarbeid
- Løn etter avtale
- Den som vert tilsett må leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månader
- Intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
- Vitnemål og attestar skal leggjast ved søknaden
Ta gjerne kontakt med oss for ein uforpliktande prat.
Velkomen som søkjar!Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5aa9f8e6-d686-4b0e-9581-12c6cd5116b6
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3522599_177463_nn