Psykologspesialist i poliklinikk
BUP Haugesund, Helse Fonna HF
Vinjes gate 10, 5522 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Psykologspesialist - poliklinikk
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 21. april
Brenn du for faget ditt, likar å engasjere deg og delar gjerne kunnskapen din med andre? Då kan du vere den vi leitar etter!
Hos oss blir du ein del av eit engasjert og dyktig fagmiljø, der rause og trivelege kollegaer støttar og inspirerer kvarandre kvar einaste dag.
No har vi ei ledig stilling som psykologspesialist i 100 % stilling ved poliklinikken.Her får du høve til å gjere ein forskjell for barn og unge, samtidig som du blir ein del av eit spennande arbeidsmiljø med eit sterkt fagleg fokus. Vi nyttar varierte og kunnskapsbaserte behandlingsmetodar som B4DT (4-dagars), DBT, TF-CBT og EMDR. I tillegg tilbyr vi psykoedukasjonsgrupper, musikkterapi og hundeterapi – alt for å sikre eit heilskapleg behandlingstilbod for barna og ungdommane vi møter.
Som ein del av vårt team får du nødvendig opplæring, kurs og vidareutdanning, slik at du kan utvikle deg både fagleg og personleg. Hos oss får du høve til å bidra aktivt i fagutvikling og vere med på å forme framtidas behandlingstilbod.
Ein arbeidsplass der samarbeid står i sentrum
Å jobbe med barn og unge inneber tett samarbeid med foreldre, skular og andre instansar. Difor ser vi etter deg som er god på samhandling, og som evnar å vere fleksibel når planane må justerast etter situasjonen. Vi legg stor vekt på å sikre samanhengande pasientforløp på tvers av tenester, slik at tilbodet i førstelinja og hos oss utfyller kvarandre heller enn å overlappe.
Sjå filmen og bli betre kjent med oss: Barn og unges helseteneste (https://www.youtube.com/watch?v=FKTrqoZHBxM)
Trivsel og fagleg utvikling
Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø der vi set pris på kvarandre.
Vi legg til rette for både fagleg og sosial utvikling gjennom:
🍽️ Felleslunsjar - der vi kan samlas og bygge gode relasjonar
📚 Fagdagar - for fagleg påfyll og vidareutvikling
💪 Lunsjtrening - for å fremje både fysisk og mental helse
🌟 Hyggelege kveldsarrangement - fordi trivsel på jobb også handlar om gode opplevingar saman
Her får du ein jobb der du kan utvikle deg fagleg, bidra til noko meiningsfullt – og samtidig trivast på jobb!
👉 Søk i dag – vi gler oss til å møte deg!
Ring gjerne til funksjonsleiarar Margrethe Reigstad Aase eller Marit Ness om du vil vite meir om stillinga. Det er ønskjeleg med snarleg tiltreding.
Kva går jobben ut på?
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom.
- Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning, teamarbeid og engasjert deltaking i BUP si utvikling via fagnettverk.
- Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som psykolog med spesialistgodkjenning.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid i BUP.
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkjarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Personlege eigenskapar blir vektlagde i henhold til eksisterande team.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- Har evne til samarbeid og formidling av kunnskap internt og eksternt.
- Er god til å bygge trygge, støttande og tillitsfulle relasjonar til barn og unge
- Arbeider strukturert og sjølvstendig.
- Er kreativ, nytenkjande og fleksibel.
Personleg presentasjon, CV og referanser blir vektlagt i rekrutteringsprosessen.
Kvifor skal du velje oss?
- Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i utvikling.
- Arbeid i tverrfaglege team.
- Muligheit for kompetanseheving.
- Eit godt fagmiljø og kjekke kolleger.
- Faggruppemøter i ei stor og engasjert psykologgruppe.
- Stillinga er på dagtid, 37,5 t/veke og mogelegheit for fleksitid.
Litt om oss
BUP Haugesund gir
tenester på spesialistnivå til barn og unge (0-18 år). Opptaksområdet for
poliklinikken dekker 10 kommunar (Karmøy, Haugesund, Utsira, Sveio, Tysvær,
Bokn, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal).
Vi har poliklinikk, ungdomspsykiatrisk post og barnepsykiatrisk post.
Døgnpostane har akuttfunksjonar og dekker heile opptaksområdet til Helse Fonna.
Poliklinikken er inndelt i 2 geografiske allmennpsykiatriske team.
BUP Haugesund er godkjent som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri
Kontaktinformasjon
Georg Walter Reinhardt, Avdelingsleiar, 52732850Margrethe Reigstad Aase, Psykologspesialist/Funksjonsleiar, 52732850
Marit Elisabeth Ness, Psykologspesialist/Funksjonsleiar, 52732850
Lene Elisabeth Nordtveit, Sekretær, 52732850
Arbeidsstad
Vinjes gate 105522 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4937179418
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.04.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Lene Elisabeth Nordtveit
Sekretær
52732850
Marit Elisabeth Ness
Psykologspesialist/Funksjonsleiar
52732850
Margrethe Reigstad Aase
Psykologspesialist/Funksjonsleiar
52732850
Georg Walter Reinhardt
Avdelingsleiar
52732850
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2894029
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a7584afa124f49d5a26575d69fd8b78a