BIM-tekniker/ingeniør
Bygg- og eigedomstenester, Møre og Romsdal fylkeskommune
Julsundvegen 49A, 6412 Molde
Om jobben
- Stillingstittel
- Bygg- og eigedomsutvikling - BIM-tekniker/ingeniør
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 17. november
Møre og Romsdal fylkeskommune har eit ambisiøst mål om å vere eit førebilete for korleis vi tek vare på og vidareutviklar eksisterande bygg på ein ansvarleg måte. Vi står framfor store oppgåver med oppgradering, ombygging og vedlikehald av bygningsmassen vår – alltid med høge krav til klima og miljø, sosialt ansvar og god prosjektøkonomi.
I Bygg- og eigedomstenestene har vi som ambisjon at kvart prosjekt skal bidra til å forlenge levetida til bygga våre, redusere miljøavtrykket og skape betre løysingar for brukarane. Det betyr at vi utfordrar etablerte tankesett, tek i bruk innovative metodar og dokumenterer resultata vi oppnår.
Som BIM-tekniker/ingeniør hos oss får du en nøkkelrolle i utviklingen og gjennomføringen av digitale arbeidsprosesser i byggeprosjekter. Du vil jobbe tett med prosjektledere, rådgivere og entreprenører for å sikre god informasjonsflyt og datakvalitet gjennom hele prosjektets livsløp – fra tidligfase til ferdig bygg.
Arbeidsoppgåver
Vi ser etter deg som har solid interesse for digitale byggeprosessar og som ønskjer å bruke kompetansen din til å utvikle framtidas prosjekt. Du kan ha ulik bakgrunn, men det viktigaste er at du brenn for BIM og ser moglegheiter i ny teknologi.
Dine arbeidsoppgåver vil blant anna vere:
- Modellering og koordinering av BIM-modellar i ulike fasar av prosjektet
- Kvalitetssikring og kontroll av modellar (modellkontroll, kollisjonskontroll, mengdeuttak)
- Bidra til utvikling og implementering av digitale verktøy og prosessar
- Samarbeid med rådgivarar og entreprenørar for å sikre god informasjonsflyt
- Bistå med visualisering, simulering og analyse av modellar
- Bidra til kompetanseheving og opplæring internt
- Vedlikehald og oppdatering av modellar gjennom prosjektets livsløp
Kvalifikasjonar
- har relevant høgare utdanning på bachelornivå, til dømes ingeniør med spesialisering i BIM. Fagskoleutdanning innen BIM kombinert med relevant erfaring kan kompensere for krav om høyere utdanning
- gode ferdigheter modellering i Autodesk Revit, både innan arkitektur og tekniske fag (MEP)
- har god erfaring med bruk av digitale verktøy for dokumentasjon av byggeprosjekt i tråd med gjeldande nasjonale standardar
- har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Vi vil også legge vekt på om du har god kompetanse innan eitt eller fleire av desse områda:
- Bruk av microsoft-plattformer som sharepoint, azure digital twin og azure data explorer
- Kjennskap til openBIM, IFC, og standardar som NS 8360 og ISO 19650
- Erfaring med modellkontroll, kollisjonskontroll og mengdeuttak i verktøy som Solibri, Navisworks eller tilsvarande
- VDC
Personlege eigenskapar
- Arbeider systematisk og grundig, og har blikk for kvalitet i både modellarbeid og dokumentasjon
- Har gode samarbeidseigenskaper og trivst med å jobbe tverrfagleg i prosjektteam
- Har fleksibilitet og vilje til å stå på litt ekstra når det krevst, og bidreg positivt i hektiske prosjektfaser
- Likar å ta ansvar, og jobbar sjølvstendig og utviklingsorientert med faglege utfordringar
- Har evne til å kommunisere klart og godt, både skriftleg og munnleg
- Er nysgjerrig på ny teknologi og har eit engasjement for digital utvikling i byggebransjen
Vi tilbyr
- ei spennande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Bjørn Erik Hjellset, Avdelingssjef, +47 90519007, bjorn.erik.hjellset@mrfylke.noTorgeir Haukebø, Bygg- og eigedomssjef, 46418730
Arbeidsstad
Julsundvegen 49A6412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5019086619
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Torgeir Haukebø
Bygg- og eigedomssjef
46418730
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Bygg- og eigedomsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for forvaltning, drift, vedlikehald og
utvikling av fylkeskommunen si eigedomsmasse. Eigedomsmassen består i hovudsak av vidaregåande skolar med eit
samla bruttoareal på om lag 215.000 m2.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5a234626-a5bd-48b0-886a-5b318f49b515
- Sist endret
3. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5ea6a801e9004961a3f3640168d31728
Lignende annonser
Bygg- og eigedomsutvikling - Prosjektleiar byggeprosjekt
Arbeidsgiver
Bygg- og eigedomstenester, Møre og Romsdal fylkeskommune
Sted
Molde
Arbeidsgiver
Samferdselsområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune
Sted
Ålesund, Kristiansund N, Molde
Brunvoll søker Business Development Engineer
Arbeidsgiver
Brunvoll AS
Sted
Molde