To avdelingsleiarstillingar
Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune
Åsavegen 133, 6823 Sandane
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. juni
Er du ein leiar med hjarte for menneske, blikk for utvikling og trivst med ansvar og tempo? Da har vi
stillinga for deg!
To av våre dyktige avdelingsleiarar søkjer nye utfordringar og vi har ledige stillingar. Eine avdelingsleiaren vil verte din
nye leiar, ho går over i stillinga som tenesteleiar.
Avdeling 1: Furubu, Solsikka og Åsavegen.
Avdeling 2: Myklebusttunet, Nordåsen og Utsikten.
Det kan bli gjort endringar i inndeling av avdelingane.
Du vil gå inn i eit tverrfagleg leiarteam i tenesta og vere ein del av felles leiargruppe i Helse og velferd,
og leiarforumet til kommunedirektøren. Hos oss vil du få høve til å styrke din
kompetanse som leiar gjennom relevante kurs og utdanning.
Miljøarbeidertenesta sitt overordna mål er å levere teneste som bidreg til at brukarane får leve gode liv i tråd meg
eigne føresetnadar, ynskje og behov. Vi arbeider tverrfagleg for å gje gode
tenester til over 60 brukara med utviklingshemming og psykiske lidingar.
Vi har ca 70 årsverk i tenesta, dette er vernepleiarar, sjukepleiarar,
miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar.
Arbeidsoppgåver
- Personalansvar
- Fagansvar, med fokus på å sikre og vidareutvikle høg fagleg kvalitet i tenestetilbodet
- Økonomikontroll
- Arbeidstidsplanlegging
- Samarbeid med eksterne og interne instansar
- Være ein del av utvida leiargruppe i Helse og velferd
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning, fortrinnsvis innan helse- og sosialfag. Personleg egnaheit og brei erfaring frå leiing kan erstatte krav om høgare utdanning
- Det er ønskjeleg med leiarutdanning/leiarerfaring
- Erfaring med brukargruppa er ein fordel, men ikkje eit krav
- Gode norskkunnskap, samt digital kompetanse og evne til å ta i bruk nye digitale verktøy
- God evne til skriftleg og munnleg framstilling
- God økonomisk forståing
- Å vere personleg eigna vert vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å arbeide systematisk og strukturert for å oppnå mål
- Du kan skape engasjement og motivasjon hjå tilsette
- Du er ansvarsbevisst og god på å skape relasjonar
- Du er løysingsorientert og har gode kommunikasjonsevner
- Du er ein pådrivar for å skape gode tenester til brukarane
- Du har engasjement for brukargruppa
- Du kan etterleve verdiane tillit, mot , omsorg, samarbeid, arbeidsglede og likeverd
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
- Kompetanseheving
- Lønn etter avtale
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Ann Iren Festervoll, Konstituert tenesteleiar Miljøarbeidertenesta, 97096104, ann.iren.festervoll@gloppen.kommune.noArbeidsstad
Åsavegen 1336823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 4974580898
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Ann Iren Festervoll
Konstituert tenesteleiar Miljøarbeidertenesta
97096104
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Sektor
Offentlig
Nettsted