Samlingsforvaltar (overingeniør) – kryptogamsamlingane
Universitetet i Bergen
Allégaten 41, 5007 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Samlingsforvaltar (overingeniør) – kryptogamsamlingane
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk, skandinavisk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. august
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAOm stillinga:
Det er ledig ei fast heiltidsstilling som overingeniør ved Avdeling for naturhistorie, Universitetsmuseet i Bergen.
Avdeling for naturhistorie søker ein samlingsforvaltar til våre kryptogamsamlingar som omfattar algar, mosar, sopp og lav. Totalt inneheld desse fire vitskapelege samlingane ca. 225 200 eksemplar, og fungerer som eit arkiv for nasjonale og internasjonale forskings- og kartleggingsprosjekt. Samlingane omfattar i hovudsak tørka materiale oppbevart i museets herbarium. Personen som vert tilsett vil hovudsakleg arbeide med ulike praktiske oppgåver relatert til samlingsforvalting i samarbeid med forskaren som er vitskapeleg ansvarleg for samlingane.
Arbeidsoppgåver:
- Tekniske arbeidsoppgåver i kryptogamherbariet (t.d. mottak, preparering, dataregistrering, korrekturlesing, etikettering, digitalisering og innordning) samt forskingsbistand
- Arbeid med avdelingas databasar og samlingsdata (ca. 25% av arbeidstida)
- Ut- og innlån og utveksling av materiale etter lokale og globale reguleringar
- Rettleiing av besøkande og studentar i herbariet
- Samlingsarbeid i felten, både på land og på sjøen
- Molekylære laboratorieanalysar
- Andre arbeidsoppgåver kan bli pålagt etter behov
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha:
- Utdanning tilsvarande mastergrad innan biologi. Omfattande relevant arbeidserfaring kan vege opp for evt. manglande formelle kvalifikasjonar
- Evne til god skriftleg og munnleg kommunikasjon på engelsk og eit skandinavisk språk (norsk, svensk eller dansk). Ikkje-skandinavar pliktar å lære seg norsk innan tre år frå arbeidet startar
Ønskeleg kompetanse:
- Erfaring frå arbeid med naturhistoriske museumssamlingar
- Kompetanse innan algar (fortrinnsvis), mosar, sopp og/eller lav, inkludert artsbestemming
- Erfaring med databasearbeid og samlingsdata
- Kjennskap til molekylære analysemetodar
- Kunnskap om standard programvare som MS Word, Excel og Outlook.
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
- Evne til å arbeide nøyaktig og strukturert
- Ei positiv og løysingsorientert haldning
- Evne til å arbeide godt både sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Fleksibilitet
Vi tilbyr:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit profesjonelt og venleg arbeidsmiljø
- Løn som overingeniør (kode 1087) i årslønn kr. 615 000 - 650 000 brutto. Høgare løn kan vurderast for særleg kvalifiserte søkjarar
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: førsteamanuensis Sophie Steinhagen, Universitetsmuseet i Bergen, e-post: sophie.steinhagen@uib.no, telefon mobil: (+49) 15731360789 eller instituttleder Jenny Smedmark, Universitetsmuseet i Bergen, e-post: jenny.smedmark@uib.no, telefon mobil: (+47) 407 26 194.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
59ff3d72-7dc8-4c8c-afe8-94df74a78fa2
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10255794