Skjøtselsarbeidarar ved Selja kloster og helgenanlegg
Kultur, Stad kommune
6740 Selje, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Skjøtselsarbeidarar ved Selja kloster og helgenanlegg
Type ansettelse
Feriejobb, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. mai
Stad kommune har ledige inntil 3 stillingar som skjøtselsarbeidarar ved Selja kloster og helgenanlegg i perioden 23.06.2025 - 15.08.2025.
Selja kloster og helgenanlegg er eit freda kulturminne og eit viktig reisemål for pilegrimar og turistar i Stad kommune. For å ta vare på ruinane og vise dei fram frå si beste side, må anlegget og kulturlandskapet rundt vere velstelt. Arbeidsoppgåvene er å vedlikehalde grøntanlegget i og rundt klosterruinane gjennom grøn skjøtsel, etter rettleiing frå Stad kommune og Vestland Fylkeskommune.
Arbeidsoppgåver
- Grøn skjøtsel av kulturlandskapet: klipping av gras, rydding og luking av ugras, både ved manuelt arbeid og ved bruk av motoriserte reiskapar.
- Andre oppgåver kan kome i tillegg. Det kan vere aktuelt med eit samarbeid med innbyggartorget, prestegarden og BUA i Selje om vedlikehald, utlån av utstyr og andre oppgåver.
Kvalifikasjonar
- Du må vere over 15 år
- Båtførarprøva er ein fordel
- Erfaring med bruk av motoriserte reiskapar slik som kantklippar og grasklippar
Personlege eigenskapar
I arbeid med grøn skjøtsel på Selja søkjer vi deg som både likar å jobbe sjølvstendig og saman med andre, er praktisk anlagt og er glad i å gjere praktisk arbeid ute.Du er nøyaktig og pliktoppfyllande, flink til å sjå kva som må gjerast og har gjerne erfaring frå liknande arbeid. Forståing for den kulturhistoriske verdien på Selja kloster.
Vi tilbyr
- Ein triveleg feriejobb i eit historisk område
- Transport med båt til og frå Selja
- Arbeidstid vert planlagd saman med prosjektleiar for Selja kloster.
- Løn etter tariff - etter innleverte timelister
- Du vil få opplæring i bruk av motoriserte reiskapar med fokus på tryggleik.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål, attestar og referansar saman med søknaden.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stilingane kan du ta kontakt med prosjektleiar for Selja kloster, Bjørn Jensen eller einingsleiar Geir Holmen.
Kontaktinformasjon
Bjørn Jensen, Prosjektleiar Selja , 91867293Geir Holmen, einingsleiar kultur, 90 77 99 33, geir.holmen@stad.kommune.no
Arbeidsstad
6740 Selje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 4956328620
Stillingsprosent: 0%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 04.05.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Bjørn Jensen
Prosjektleiar Selja
91867293
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2919747
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e302186f05414953aa576613826d5ccd