Er du den nye fiskehelsebiologen i Team Osland?
Osland Havbruk AS
Sørsidevegen 2966, 5962 Bjordal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fiskehelsebiolog
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 1. august
Vi søker deg som vil vere fagleg spydspiss og operativ ressurs. Du vil ha ei sentral rolle i å sikre god fiskevelferd, systematisk helsestyring og oppfølging på tvers av lokalitetar i vakre Sognefjorden og Vindafjorden. Velkomen til Team Osland!
Kvardagen din hos oss
-
Du blir fiskehelseansvarleg i selskapet -- med ansvar for førebyggande, diagnostisk og systematisk fiskehelsearbeid.
-
Du følgjer opp drifta tett -- og er mykje ute i felt, i tett dialog med drift og personell på merdekanten.
-
Du er bindeledd mellom selskap og sektormyndigheiter og har ein sentral rolle i beredskap, regelverkstolking og faglege avgjerder.
-
Du bidreg inn i forsking og utvikling (FoU), og implementerer nye løysingar og kunnskap i praksis.
-
Du har ansvar for helseplanar, vaksinasjon, prosedyrar og opplæring av tilsette innan fiskevelferd og hygiene.
-
Du jobbar tett med driftsleiarar, avlsansvarleg, KHMS og produksjonsleiing.
Vi ser etter deg som:
-
Er initiativrik, strukturert og til stades -- både på merdkanten og framfor skjermen.
-
Har ei tydeleg rolleforståing, evne til å sjå heilskap og ta sjølvstendige avgjerder.
-
Trivst med å samarbeide på tvers av fag og driftsområde, og likar å formidle kunnskap og bygge gode relasjonar.
-
Har gode kommunikasjonsevner, og trivst med varierte arbeidsdagar i eit arbeidsmiljø der fag og praktisk arbeid går hand i hand.
Kvalifikasjonar:
-
Utdanning innan fiskehelse (bachelor eller mastergrad) eller veterinær.
-
Alternativt anna relevant utdanning (fiskerifag, akvakultur) med dokumentert erfaring frå tilsvarande rolle.
-
Kjennskap til næringa og praktisk erfaring med fiskehelsearbeid i sjøbasert oppdrett.
-
Gode datakunnskapar og systemforståing.
Vi tilbyr:
-
Fast 100 % stilling i eit framtidsretta konsern med lang historie og heile verdikjeda frå rogn til matfisk.
-
Gode utviklingsmoglegheiter og påverknadskraft i ei rolle med høgt fagleg ansvar.
-
Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår (5 % OTP).
-
Arbeidsstad i Bjordal, og lokalitetar ved Sognefjorden og Vindafjorden.
-
Vi hjelper deg gjerne å finne bustad om du ønskjer å flytte til området.
Søknadsfrist: 1.august
Send oss CV og søknad via finn.no, søknader blir vurdert fortløpande. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat.Om bedriften
Form framtida. Innovasjon, arv og framtida, alt startar på same stad, opphavet. I eit enkelt, lite rognkorn er standarden for havbruket sett. Osland har sidan 1963 utvikla og bevart Noregs eldste stamme av regnbogeaure og arbeida for optimale vekstforhold for fisk, rogn og smolt
Våre tilsette i Osland Havbruk AS, Osland Genetics AS, Osland Genetics Leikanger AS, Osland Settefisk AS og Osland Seafood AS utgjer Team Osland. Til saman har om lag 70 fagfolk med ulik kompetanse og ulike arbeidsoppgåver arbeidsplassen sin her. Nokre har høgare utdanning mens andre er praktikarar med tiår med erfaring. Det er samansetninga av kompetansen til desse som dannar grunnlaget for arbeidet utført. Det er dette teamet som utgjer Osland.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
59d764e9-7c90-4485-8d96-62724a483bb2
- Hentet fra
FINN
- Referanse
413327180