Matros Arsvågen-Mortavika, pt. MF Stavangerfjord
Maritim Drift, Fjord1 AS
E39, 5561 Bokn
Om jobben
- Stillingstittel
- Matros til Arsvågen-Mortavika, pt. MF Stavangerfjord
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Skandinavisk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 18. februar
Vil du vere med og bidra til drifta av eitt av Norges største ferjesamband?
Fjord1 har no ei ledig stilling som matros på sambandet Arsvågen - Mortavika, pt. MF Stavangerfjord.
I denne stillinga jobbar du 2 veker på og 2 veker fri - ei ordning som gir god balanse mellom jobb og fritid. Under arbeidsperiodane bur du om bord, og reise til og frå arbeidsperiode vert dekka av rederiet.
Sambandet er ein sentral del av E39 og ein av dei mest brukte ferjestrekningane i Norge, med høg aktivitet og mange reisande kvar dag. Dette er ein jobb med ansvar og variasjon, der du jobbar i høgt tempo og samarbeider tett med dyktige kollegaer for å halde drifta trygg og effektiv.
Vi tilbyr gode ordningar og legg til rette for utvikling for deg som ønsker å ta steget vidare.
Arbeidsoppgåver
- Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
- Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
- Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Verne- og miljøarbeid
- Kundehandsaming
Kvalifikasjonar
- Ferdigheitssertifikat matros
- Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring
- Krise- og passasjerhandteringskurs
- Ferdighetssertifikat hurtiggåande MOB båt
- Ferdighetssertifikat IGF Grunnleggande
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med tett samarbeid og har fokus på tryggleik og god service. Du bør ha vilje til å lære, stå på når det trengst og bidra til eit positivt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overeinskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Sjømannsforbundet
- Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!
- Sjøvakt 2 veker på og 2 veker av
- Ein bur ombord i arbeidsperioden
- Dekka reisekostnader til/frå arbeidsperiode
- Treningsrom om bord i fartøyet
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter , treningstøtte, behandlingsforsriking og gode rabattordningar
Kontaktinformasjon
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.noArbeidssted
E395561 Føresvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fjord1 ASReferansenr.: 5075359324
Stillingsprosent: 100%
Fast
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
59b93bb2-3344-4adb-941c-7ead84131021
- Sist endret
4. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8678c33eef4f43cca1fc525980f66c67
Lignende annonser
Bli med oss som ekstra mannskap på hurtigbåtane!
Arbeidsgiver
Maritim Drift, Fjord1 AS
Sted
Stavanger
Arbeidsgiver
Boreal Sjø AS
Sted
Uskedalen, Agder, Rogaland, Vestland
Arbeidsgiver
Møre Oppdrettsservice As
Sted
Nordland, Trøndelag, Møre og Romsdal, Vestland, Island, Finnmark