Offentleg godkjent helsefagarbeidar Ørstaheimen Korttidsavdelinga
Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
Håkonsgata 78, 6150 Ørsta, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Off. godkjent helsefagarbeidar Ørstaheimen Korttidsavdelinga
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 23. februar
I Ørsta kommune, tenesteområdet omsorg og sjukeheim, har vi frå dags dato ledige stilling som helsefagarbeidar i 100% stilling.
Korttidsavdelinga er ei spennande avdeling å jobbe i. Her er god dekning med ulik fagkompetanse, og eit godt fagmiljø. Vi har fokus på gode arbeidsmiljø og behalde tilsette. Vi samarbeider nært med andre faggrupper i kommunen og har eig en fysioterapiressurs knytt til avdelinga. Korttidsavdelinga driv kommunen sitt augeblikkeleg tilbod til pasientar som treng det. Avdelinga har 16 rom.
Vi søkjer etter ein fagleg engasjert og ansvarsfull medarbeidar som ønsker å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring.Vi ser etter deg som er god på kommunikasjon og samarbeid, som har eit godt humør og evne til å arbeide i eit miljø prega av omstilling og utfordringar. Du vil få dyktige kollegaer på laget som jobbar saman i team.
Avdelinga jobbar med årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom heile døgnet og året. Du kan få moglegheit til å gå langvakter på helg. Dette vil gi deg fleksibel turnusordning, ein trygg arbeidskvardag med kjende kollegar på vakt og god balanse mellom arbeid og fritid.
Som medarbeidar på Kortidsavdelinga vil du få nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom fagdagar, e-læring og kurs.
Arbeidsoppgåver
Vi arbeider etter primærkontaktprinsippet og har fokus på medisinsk oppfølging, ernæring og trivsel for den enkelte.
- Utføre pleie og omsorgsoppgåver fagleg og etisk
- Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar
- Utføre oppgåver i tråd med vedtak og gjeldande prosedyre
- Dokumentasjon av observasjonar, målingar og pleie i henhold til lov og forskrift
- Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
- Veiledning og opplæring av medarbeidarar
- Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer
Kvalifikasjonar
- Søkjaren må vere off. godkjent helsefagarbeidar
- Det vert stilt krav til politiattest ved tilsetting
- Du må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
- God norsk muntleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
Personlege eigenskapar
- Du trivast i eit aktivt og til tider travelt miljø der du må kunne omstille deg raskt
- Du er utviklingsorientert og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du er engasjert, løysingsorientert og har godt humør
- Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde.
Vi tilbyr
- Gode kollegaer og eit trivleg arbeidsmiljø
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Arbeidsvilkår: Dag/kveld, inkl. helgar.
Stillinga er plassert i kap. 4GR1.2- Fagarbeidarstilling
Stillingskode 7076 Helsefagarbeidar
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju. Ved intervju og ved tilsetjing skal det leggjast fram dokumentasjon av vitnemål og attestar.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller andre faktorar knytt til lover og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. Jf.AML §14.2
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Marit Steinnes, konstituert avdelingsleiar Korrtidsavdelinga, 480 70 965, marit.steinnes@orsta.kommune.noWenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Håkonsgata 786150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4905114784
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.02.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Ørsta
kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2832104
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d6c57a4a64524f3595b914a4ca62987e