Kulturskulelærar - inntil 91% stilling
Kultur og fritid, Stranda kommune
Øyna 13, 6200 Stranda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Kulturskulelærarar
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 91%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 5. juni
Stillinga er fordelt slik:
Treblåslærar: inntil 30% vikariat (01.08.25 - 14.11.25)
Messinglærar: 36% fast
Songlærar: 25% fast
Eit skulekorps i nabokommuna treng dirigent, så det er mogeleg å utvide stillinga med 20%
Det må gå klart fram av søknaden kva undervsiningskompetanse søkjar har og kor stilling ein ynskjer.
Arbeidsstad og oppmøtestad er kulturskulen sine lokale i Stranda sentrum.
Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Vitnemål og attestar skal scannast inn som vedlegg til søknaden. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning til elevar i alle aldrar og nivå, både individuelt og i grupper
- For- og etterarbeid knytt til undervisning
- Tilrettelegging for eit inspirerande og inkluderande læringsmiljø
- Oppfølging og kontakt med elevar og føresette
- Dirigering av Stranda skulekorps
- Bidra aktivt i rekruttering, utvikling og evaluering av fagtilbodet
- Bidra til å synleggjere kulturskulen i kommua
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå universitet eller høgskule
- Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Relevant erfaring frå fagområdet kan kompensere for utdanningskravet
- Erfaring frå undervisning i kulturskule eller liknande arbeid
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode ferdigheiter i norsk språk, skriftleg og muntleg
- Evne til å motivere og inspirere elevar
- Gyldig førarkort for personbil
- Personlege eignaheit
Vi tilbyr
- Kulturskulen disponerer tenlege lokale ved Storfjord Kulturhus i Stranda sentrum
- Stor fridom og stort ansvar. Gode muligheiter for faglege utfordringar og utvikling åleine og i samarbeid med kollegaer
- Lønn og rettar etter gjeldande avtaleverk
- I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt
Kontaktinformasjon
Evgenii Zhukov, Konst. fagleiar kultur, 46411055Arbeidsstad
Øyna 136200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 4972205784
Stillingsprosent: 91%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 05.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Evgenii Zhukov
Konst. fagleiar kultur
46411055
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.
Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2946218
- Hentet fra
talentech
- Referanse
31f60cd85aee4e26a932e182b4d6d988