Hopp til innhold

Museumspedagog/-vert

Arbeidsgiver

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane

Sted

Lifjordvegen 9, 6957 Hyllestad

Om jobben

Stillingstittel
Museumspedagog
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 7. april

Om stillinga

Vi har ledig 80% fast stilling som kombinert museumspedagog og museumsvert med hovudarbeidsstad i Kvernsteinsparken. Vi søkjer deg med engasjement for formidling og vertskap, og som vil vere med på å utvikle og styrke museet som arena for kunnskap og opplevingar. 

Som museumspedagog/-vert vil du ha vertskaps- og formidlingsoppgåver, med ansvar knytt til planlegging, gjennomføring og evaluering av museet sitt publikums- og formidlingstilbod til ulike målgrupper:

  • pedagogiske formidlingsopplegg for born og unge i skule og barnehage
  • formidling og omvisingar for andre målgrupper
  • arrangement, verkstader og aktivitetar 
  • formidlingsløyper og utstillingar
  • formidling, kommunikasjon og marknadsføring på digitale flater
  • førstelinjetenester
  • praktiske oppgåver som del av den daglege museumsdrifta

Vekting av dei ulike oppgåvene i stillinga vil vere avhengig av korleis kompetansen din møter behova vi har i Kvernsteinsparken, og vi legg opp til ein dialog kring dette i rekrutteringsprosessen. 

Museumsleiar ved Kvernsteinsparken er fagleg og stadleg leiar, og vil vere din næraste leiar. I tillegg til å vere del av det stadlege teamet i Kvernsteinsparken, vil du også bidra til å løyse oppgåver i avdelinga, i samarbeid med andre tilsette i musea våre, og på andre formidlingsarenaer.

I jobben som museumspedagog/-vert er det stor variasjon i arbeidsoppgåvene, og ingen dagar er like. Arbeidet vil vere prega av sesongsvingingar, og du må rekne med intensive arbeidsperiodar, så vel som noko arbeid på kveldstid og i helg. Stillinga har noko reiseverksemd i samband med deltaking på eksterne og interne arrangement.


Kvernsteinsparken

Kvernsteinsparken i Hyllestad er eit utandørsmuseum der vi formidlar historia om eitt av dei største kvernsteinsbrota i Nord-Europa. Naturgjevne føresetnadar var grunnlaget for ein storstila industri der kvernsteinar i hundretusental vart distribuert til inn- og utland frå vikingtid og heilt fram til tidleg 1900-tal.

Steinhoggarane sin produksjon av livets steinar sikra kornmat som ei av dei viktigaste næringskjeldene våre, men også religiøse monument som steinkrossar og bygningsdelar som ljorestein vart forma ut av granatglimmerskiferen. 

Kvernsteinsparken er etablert som ein formidlingsarena med visningsbrot og formidlingsløyper gjennom ein avgrensa del i eit større brotlandskap som breier seg over eit område på kring 27 000 dekar. 

Formidlingsopplegg for skular, barnehagar og besøksgrupper er eit heilårleg tilbod, medan vi i sommarhalvåret har arrangement, aktivitetar/verkstader i tillegg til enkel kafe og museumsbutikk. Ein kjerne i formidlingstilboda våre er ulike handverksteknikkar og den immateriell kulturarven.

I Kvernsteinsparken finn du fleire grindbygg med funksjon som resepsjon, forsamlingslokale med grue, smie, reiskapsskjul, vedskjul og to kalkomnar. I januar 2026 flytta vi inn i nytt kontorbygg i parken, der også vår samarbeidspartnar Fjordkysten regional- og geopark er samlokalisert. Kvernsteinsparken er eitt av fleire visingssenter for Fjordkystparken, som frå 2025 er ein UNESCO Global Geopark. I tillegg er Kvernsteinsparken nøkkelstad nr. 12 i Kystpilegrimsleia, som strekkjer seg frå Egersund til Trondheim.

Les meir på Kvernsteinsparken sin nettstad.


Kvalifikasjonar og eigenskapar

Vi søkjer deg som har:

  • høgare utdanning innan kulturhistoriske fag eller andre fag relevante for stillinga (minimum bachelor)
  • interesse for og kunnskap om kulturhistorie, formidling og vertskapsrolla 
  • gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
  • praktiske ferdigheiter 
  • erfaring med utøvande formidling for born og unge
  • erfaring med pedagogisk tilrettelegging
  • erfaring med innhaldsproduksjon og formidling på digitale flater
  • førarkort kl. B og disponerer bil

Arbeidsgjevar vil tilby kurs/HMT-sertifiseringar ved behov. 

For å trivast og fungere i denne stillinga, er det viktig at du:

  • er trygg i vertskaps- og formidlarrolla
  • er open og omgjengeleg
  • har gode samarbeidsevner
  • arbeider sjølvstendig, metodisk og systematisk
  • trivst med utfordringar og variasjon i arbeidsoppgåver

Generell informasjon

Som tilsett i MiSF vil du vere del av eit dynamisk arbeidsmiljø med høg kompetanse og stort engasjement.

Vi nyttar nynorsk som administrasjonsspråk og i skriftleg kommunikasjon med eksterne.

Stillinga blir løna i samsvar med Landsoverenskomsten for museer og andre kulturinstitusjoner. 

Søknadsfrist 07.04.2026

Nærare opplysningar får du ved å vende deg til museumsleiar Alexander Rauboti på tlf. 99 25 90 72

Ved spørsmål som gjeld elektronisk søknadsskjema kan du ta kontakt med Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20 eller kundeservice@jobbnorge.no kvardagar mellom 08:00-16:00


Kontaktperson for stillingen

Alexander Rauboti

Museumsleiar

+47 99 25 90 72

alerau@misf.no

Om bedriften

Vi seier at kunnskap, erfaringar og opplevingar gjer oss rikare. På tolv ulike museum mellom fjord og fjell gjev vi ny innsikt i korleis verda hang saman for menneska i fjern og nær fortid. Og om korleis dette betyr noko for korleis verda heng saman for oss i dag.

Musea i Sogn og Fjordane driftar musea som årleg gjev nær 60 000 innbyggarar og tilreisande kunnskap og opplevingar innan kulturhistorie og kunst.

Samlingane våre spenner frå urban kunstscene til eldgamle bygningar og skikkar. Frå pulserande historiske kystsamfunn til målaren Nikolai Astrup sitt småbruk i Jølster. Frå lafta utedassar og eksport av kvernsteinar i vikingtida, til ein Ford Escort frå 1980-talet og rykande ferske kunstinstallasjonar. Fortid og samtid.

Vi har kring 60 fast tilsette medarbeidarar, og fleire mellombels tilsette i sesong. Museumsvertar, museumspedagogar, museumsleiarar, konservatorar og handverkarar med fleire, jobbar på dei ulike musea. Les meir på Musea i Sogn og Fjordane sin nettstad.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

597d9ae9-6b64-4467-9b60-08ada1362301

Sist endret

11. mars 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10286525

Lignende annonser

Laster lignende annonser