Vekstra Fjord Rekneskap søker bedriftsrådgjevar/controller
Vekstra Fjord Rekneskap As Avd Ålesund
Langelandsvegen 1, 6010 Ålesund, Ålesund, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Regnskapsfører
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Til ledig stilling hos Vekstra Fjord Rekneskap As søkjer vi bedriftsrådgjevar/controller som likar å jobbe med kundetilpassa rekneskapssystem, og som har interesse for IT og automatisering. Arbeidsoppgåvene vi kan tilby er både utfordrande, spennande og varierte. Det er en fordel om du har erfaring med bedriftsrekneskap frå tidlegare. Ambisjonen vår er å vere ein lokal og framtidsretta arbeidsplass med fokus på samarbeid, utvikling og trivsel.
Arbeidsoppgåver
- Controlleroppgåver
- Rapportering og rådgjeving
- Utarbeiding av årsoppgjer/skattepapir
- Porteføljeansvar
- Kundekontakt
Ønska kvalifikasjonar
- Relevant utdanning og rekneskapserfaring
- Engasjert/interessert i faget
- Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg
- God IT-kunnskap og forståing for digitale verktøy
- Sjølvstendig og serviceorientert
- Kjennskap til eit eller fleire av følgande økonomisysem
- Tripletex
- PowerOffice Go
- 24SevenOffice
- Duett
Vekstra Fjord Rekneskap AS tilbyr
- Fleksibel arbeidstid
- Gode moglegheiter for kompetanseutvikling
- Lønn etter avtale
- Gode pensjonsordningar
- Uformelt og inkluderande arbeidsmiljø
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Vi er fleksible på arbeidsstad, og den rette søkaren vil få tilbod om stilling ved ei av våre 5 avdelingar, Ålesund, Valldal, Ulsteinvik, Nordfjordeid eller Sandane
Om bedriften
Vekstra Fjord Rekneskap AS er eit godkjent rekneskapsselskap som har hovudkontor på Nordfjordeid. I dag er vi 21 tilsette, der 12 er statsautorisert rekneskapsførarar. Våre kundar er små og mellomstore selskap innan mange ulike bransjar. Vi ynskjer å bidra til å skape vekst og verdi for våre kundar, gjennom rådgjeving, digital utvikling, samt yte gode tenester.
Vi er partner i Vekstra-kjeda som med over 400 medarbeidarar, er ein av landets leiande aktørar innan rekneskapsbransjen. Du finn meir info om Vekstra og oss på vår heimeside.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2433120
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
5975af42-52dd-40b9-8591-ef2b02b58b8a