Rekrutteringsstillingar helg i heimeteneste og bu og habilitering
Hareid kommune, Eining for heimetenester
Teigevegen 55, 6060 Hareid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Rekrutteringsstillingar helg i heimeteneste og bu og hablitering
Type ansettelse
Vikariat, deltid 20%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Vi tilbyr stipend på 20 000 kroner per år om du er første- eller andreårsstudent. Du må jobbe tolv helgar i året, og fem veker om sommaren. Avtalen gjeld for eitt år om gongen. Stipendet blir utbetalt som eit eingongsbeløp når avtaleperioden er over.
Det er ledig tre rekrutteringsstillingar i heimetenesta/ bu og habilitering. Skriv i søknaden kvar du ønskjer å jobbe.
Vi kontaktar og tilset kvalifiserte søkjarar fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Utføre stell/pleie etter oppsette arbeidsplanar, eller etter delegering frå ansvarshavande på vakt
- Gi forsvarleg omsorg/pleie til brukare med nedsett funksjonsnivå, samt praktisk bistand i samsvar med vedtatt vedtakstimer
- Lage til måltid og syte for god ernæring
- Administrere medikament etter kompetanse
- Sørge for at naudsynte prosedyrar/rutinar blir gjennomførte
- Jobbe i tråd med kommunens reglement og etiske retningslinjer
- Dokumentere i vårt dokumentasjonssystem Gerica
Kvalifikasjonar
Du må vere i eit utdanningsløp innan sjukepleie eller vernepleie. Du har gode datakunnskapar, og meistrar norsk både skriftleg og munnleg. For arbeid i heimetenesta må du ha sertifikat klasse B.
Politiattest skal leggast fram før du tek til i jobben. Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- er en god lagspelar
- tek initiativ
- er pliktoppfyllande
- har evne til planlegge og gjennomføre
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing. Verdiar som stabilitet, god arbeidsmoral og det å vere ein god kollega og samarbeidspart er viktig for oss.
Vi tilbyr
- varierte og spanande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
- individuell opplæring
- tverrfaglege samarbeid med ulike arbeidsgrupper
- legemiddelkurs
- studentløn
Tilsettinga er på vanlege kommunale vilkår.
Alle må søkje digitalt. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.
Kontaktinformasjon
Sutharsiny Satheeskumar, Einingsleiar, +47 46801312Arbeidsstad
Teigevegen 556060 Hareid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Hareid kommuneReferansenr.: 4852279060
Stillingsprosent: 20%
Vikar
Søknadsfrist: 30.04.2025
Om bedriften
GODE TENESTER - GLADE TILSETTE
Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette.
Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår.
Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav.
Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din. Du lastar opp dokumenta til søknaden din i Webcruiter.
Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2910973
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ebecb1ae6f6d45cb83571e4a74a1ec0b