Miljøarbeider 70 % vikariat
Kvinnherad kommune Rosendal ungdomsskule
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljørabeider
Type ansettelse
Vikariat, deltid 70%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. september
Rosendal ungdomsskule er ein moderande skule frå 2013 med om lag 145 elevar og 25 tilsette. Skulen driv eit aktivt arbeid for å inkludere alle i eit raust og godt ungdomsmiljø. Vi har dei siste åra auka innsatsen for å arbeide endå meir målretta med elevane sin sosiale kompetanse og psykiske helse. Vi har frå 01.09.2025 ledig vikariat som miljøarbeidar. Som miljøarbeidar ved Rosendal ungdomsskule vil du få eit stort ansvar for både utvikling av elevmiljøet og oppfylging av einskildelevar ved skulen.
ArbeidsoppgåverViktig ansvarsområde i stillinga:
- Saman med sosiallærar å administrere og samarbeide med elevrådet, og å ta initiativ til og fylgje opp prosessar i elev- og klasseråda. Miljøarbeidar deltek i faste møte med sosiallærar og leiinga ved skulen om det strategiske arbeidet med eit trygt og godt skulemiljø.
- Utvikle rom og aktivitetar i friminutta som er tilpassa alle elevane.
- Drive aktivt og oppsøkjande miljøarbeid. Samtalar med einskildelevar og grupper av elevar.
- Organisere leksehjelp eller anna aktivitet etter skuletid for elevar som treng det
- Oppfylging av elevar med høgt fråvær. Miljøarbeid både i heim og skule.
- Delta på møte med føresette, elevar, lærarar, leiinga og andre relevante samarbeidspartnarar
- Saman med lærarane utvikle tverrfaglege prosjekt med tema folkehelse og livsmeistring.
Årsverket er komprimert og samanfallande med lærarane sitt arbeidsår, dvs 38 veker i elevane sitt skuleår i tillegg til planleggingsdagar. Arbeidstid pr veke er 26,25 timar.
KvalifikasjonarDet er ynskjeleg med relevant utdanning og erfaring frå ungdoms- og miljøarbeid.
Søkjarar med både fagbrev og høgskuleutdanning er velkomne som søkjarar.
Manglande formalkompetanse kan bli kompensert ved god realkompetanse.
Personlege eigenskaparPersonlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagd. Miljøarbeidar må ha eit stort hjarta og eit positivt og optimistisk syn på ungdom. Vi ser etter ein person som er fleksibel og løysingsorientert i møte med krevjande utfordringar, og som aldri sluttar å leite etter vegen mot det gode livet. Ungdomane våre treng ein trygg vaksen som kan vere både ein ven og ein rollemodell.
Vi tilbyrEin raus og inkluderande arbeidsplass i eit godt fagleg og sosialt miljø. Vi har dyktige medarbeidarar som vil det beste for kvarandre og den einskilde eleven.
Vi arbeider kontinuerleg for å kunna tilby elevar og tilsette eit trygt, godt og inkluderande arbeids- og læringsfellesskap i tråd med Fagfornyinga og Kvinnherad kommune sine overordna verdiar og kvalitetsutviklingsplan.
Løn etter avtaleverk
Velkomen som søkjar
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
- Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
- Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehag
Søknadsfrist: 07.09.2025
Kontaktperson for stillinga:
Rune Melheim
41616152
rune.melheim@kvinnherad.kommune.no
Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Rune Melheim
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
58f62b41-0a78-425d-9955-8bf8ac47a530
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3536295_226057_nn