Helsefagarbeidar Åsateigen
Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune
Grandavegen 9, 6823 Sandane, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar Åsateigen
Oppstart
1. juli 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Miljøarbeidartenesta har ledig 100 % vikariat som helsefagarbeidar ved avd Åsateigen med arbeid kvar tredje helg.
Vi ser etter deg som er helsefagarbeidar. Vi treng deg som ser heile menneske,
som har fokus på å skape god og meiningsfull kvardag med fokus på løysingar
og ikkje problem. Som tilsett hjå oss skal du bidra til at bebuarane får
eit godt og forsvarleg tilbod heile døgnet. Du vil få ein meninigsfull og
spennande jobb, i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kvalifiserte
kollegaer. Du vil
få opplæring og høve til å bidra aktivt for å gje brukarane gode tenester.
Stillingane er lagt til avdeling Åsateigen som gjev tenester til mennesker med nedsatt funksjonsevne. Personalet har personaldel i
tilknytning til leilegheitene til bebuarane. Ein er 1:1 på dag og kveld, og
turnusen er organisert i langvakter med arbeid kvar fjerde helg.
Arbeidsoppgåver
- Helse- og omsorgstenester til våre brukarar
- Kartleggingsarbeid
- Det kan bli lagt primærkontaktansvar til stillinga
- Målretta miljøarbeid
- Bistand i alle dagleglivet sine gjeremål
- Gjennomføring av faglege tiltak
- Journalføring og planarbeid
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsefagarbeidar, kan være aktuelt med assistent med stor interesse for faget.
- Erfaring og kunnskap med å arbeide med menneske med psykisk utviklingshemming
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter medarbeidarar som har eit sterkt engasjement for denne brukargruppa, og som kan arbeide sjølvstendig, har pågangsmot og er fleksibel.
- Du har godt humør, god omsorgsevne og flink til å bygge relasjonar.
- Du er pådrivar for å skape ei god teneste og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- Du er initiativrik lagspelar som balanserer oppgåvene godt.
- Du har evne til å skaffe deg oversikt og jobbe strukturert og planmessig.
- Du er ansvarsbevisst og kan ta sjølvstendige avgjerslar
Personleg eignaheit vil bli vektlagd
Vi tilbyr
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar
Tilfredsstillande politiattest må leggast fram før tilsetting
Kontaktinformasjon
Ann Iren Festervoll, Tenesteleiar Busetting og integreringArbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 4978099926
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.07.2025
Sluttdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 22.06.2025
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
58d7265e-7938-42dd-9c69-51e7328ec263
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e0aceb211a5b42299519bc606659a251