Øyane Helsehamn søkjer fastlegar/ALIS (fastlønn eller næringsdrift)
Bømlo kommune
Svortlandsvegen 119, 5430 Bremnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fastlegestillingar/ALIS
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest fredag 15. august
Legetenesta i Bømlo kommune søkjer to nye fastlegar til Øyane Helsehamn. Me tilbyr gode vilkår for både næringsdrivande og fastlønna legar uavhengig av om du er spesialist eller i eit ALIS-forløp. Du bestemmer sjølv kva tilsetjingsform du ynskjer.
Tidspunkt for oppstart og storleik på fastlegelista vert avtalt nærare med aktuelle kandidatar.
Øyane Helsehamn opna dørane 31.01.25 og er eit nytt stort legekontor med 11 legar. Her er det ei fin blanding av næringsdrivande og fastlønna legar. Totalt er det tre legekontor i kommunen og alle er kommunalt drifta. Me nyttar Infodoc journalsystem.
Klikk her for meir informasjon om legetenesta i Bømlo kommune.Arbeidsoppgåver
- Allmennfaglege oppgåver og oppfølging av fastlegeliste, med krav om å følge fastlegeforskrift og helsepersonellova.
- Kommunal bistilling i inntil 20% av stillinga.
- Arbeid ved Sunnhordland Interkommunale legevakt med omlag 3 vakter pr. månad.
- Forventning om at ikkje-spesialist går gjennom strukturert utdanningsløp for å bli spesialist i allmennmedisin.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege og fullført LIS1.
- Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg.
- Førarkort klasse B, og disponering av eigen bil.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vert særskilt vektlagt i vurderinga. Me ynskjer at du:
- Har gode relasjons- og kommunikasjonsevner, og samarbeider godt med både pasientar og kollegaer.
- Er sjølvstendig, strukturert og løysingsorientert i arbeidet.
- Har høg arbeidskapasitet, er fleksibel og tilpassingsdyktig i møte med ulike situasjonar og utfordringar.
- Er positiv, påliteleg og bidreg aktivt til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
Me tilbyr
- Spanande og varierte arbeidskvardagar i eit miljø med fokus på høg fagleg kvalitet.
- ALIS avtale med tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin.
- Løn og andre vilkår etter avtale.
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
Andre opplysingar
- Ved tilsetjing er det krav om politiattest av nyare dato.
- Ein må oppgje HPR-nr. i søknad.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentleg søkarliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og eventuelle attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga ta kontakt med Monica Tofte Amundsen til og med veke 29. Frå uke 30 ta gjerne kontakt med Kristine Borgemyr.
Kontaktinformasjon
Kristine Borgemyr, Fagansvarleg lege , Kristine.Borgemyr@bomlo.kommune.noMonica Tofte Amundsen, Verksemdsleiar i Legetenesta i Bømlo, monica.tofte.amundsen@bomlo.kommune.no
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4992149989
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
58cca8b3-ef27-4818-875a-0b5f748a2201
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7bcdebaf89564fccb989268544a925a5