Ledig undervisningsstilling
Bremnes ungdomsskule
Idrettsvegen 91, 5430 Bremnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Undervisningsstilling
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 15. august
Bremnes ungdomsskule har ledig undervisningsstilling og ser etter ein, men mogleg fleire lærarar med spesifikk fagkompetanse.
Det vil vera årsvikariat i 100% med mogleg forlenging, deltid kan og bli aktuelt. Ynskjeleg oppstartstidspunkt er rundt skulestart.
Me ser etter deg som kan vera raus, engasjert og modig i møte med dei flotte ungdommane våre. Du har god fagkompetanse og samarbeider i team for å gje elevane fagleg og sosial meistring for at dei skal få best mogleg opplæring. I klasserommet er du ein tydeleg og trygg vaksen med positivt elevsyn. Du bidreg aktivt i fellesskapet til det beste for skulen. Søknadar vert vurdert fortløpande.
Bremnes Ungdomsskule (BUS) er ein ny og flott skule, vegg i vegg med Bømlo Symjehall og Sentralidrettsanlegget som ligg på Leite på Bremnes. Skulen har 380 elevar og 62 tilsette. Her er alt til rette for ein god skulekvardag der me jobbar saman for trivsel og meistring. Elevane ved BUS kjem frå seks barneskular: Svortland skule, Rubbestadneset skule, Foldrøy skule, Meling skule, Gilje skule og Våge skule.
Klikk her for meir informasjon om skulen.Arbeidsoppgåver
- Undervisning av elevar på ungdomstrinnet.
- Kontaktlærar/faglærar/spesialpedagog.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Pedagogisk kompetanse og undervisningskompetanse i minst eit av desse faga: norsk, naturfag, samfunnsfag, kroppsøving, engelsk og spesialpedagogikk.
- Søkjarar utan godkjent utdanning kan bli vurdert.
- Erfaring frå ungdomsskule vert vektlagt.
Personlege eigenskapar
- God klasseleiing og relasjonskompetanse.
- Utviklingsorientert og samarbeidsvillig.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Ein flott skule i nærleik til symjehall, Bømlohall og turterreng.
- Etablert samarbeid om fagleg og sosial utvikling for elevane våre.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
- Mogleg medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringslova § 10-9.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med rektor på Bremnes ungdomsskule, Christin Klubben.
Kontaktinformasjon
Christin Klubben, Rektor v/ Bremnes ungdomsskule, +47 957 74 456, Christin.Klubben@bomlo.kommune.noArbeidsstad
Idrettsvegen 915430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4974507738
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 15.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
58b0c7f7-986a-4cd5-ae66-d16bf33bf460
- Hentet fra
talentech
- Referanse
830468983ea54486be6fb2706d711bd7