Sokneprest i Nordhordland prosti med Radøy sokn som tenestestad
Den norske kyrkja, Bjørgvin bispedøme
Idrettsvegen 1A, 5936 Manger, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sokneprest i Nordhordland prosti med Radøy sokn som tenestestad
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 25. mai
Bjørgvin bispedøme har ledig stilling som sokneprest i Nordhordland prosti med Radøy sokn som tenestestad.
I Nordhordland står folkekyrkja sterkt. Prostiet er ein stad der fjord og fjell, bygd og regionsenter, tradisjon og fornying går hand i hand. Her finn du eit levande kulturliv med eit særleg rikt korps- og musikkliv og sterke frivillige miljø med folkekyrkja midt i fellesskapen.
Vi ser etter deg som ønsker å vere med på å vidareutvikle folkekyrkja i lag med stab, folkevalde og frivillige. Vi ønsker oss ein prest som vil:
- Formidle evangeliet om Jesus Kristus med nærleik til menneska kyrkja møter
- Bygge lag og samarbeid i soknet
- Arbeide for at kyrkja er synleg og tilgjengeleg i lokalsamfunnet
- Utvikle gudstenestelivet og delta i det kyrkjelydsbyggande arbeidet
Kyrkja på Radøy er ei folkekyrkje, kor folk er glade i kyrkja og stiller opp på dugnad ved merkedagar og generelt som frivilleg i det kyrkjelege arbeidet.
Radøy kyrkjelyd ønsker å vera ei kyrkje for bygdene våre, og vil vera til stades i nærmiljøet og tilby gode fellesskap og opplevingar for menneske i alle aldrar.
Vi har babysong, barnekor, dåpsskule, kvardagsmiddag, andakt på Velferdssenteret, kyrkjekaffi etter gudstenester, tysdagstreff, konsertar og andre kulturarrangement, juletrefest med meir.
Soknet har tre kyrkjer; Hordabø, Manger og Sæbø, og har om lag 4000 medlemmar. På Manger har vi gode og tenlege kontor med eit godt stabsfellesskap der ein støttar og oppmuntrar kvarandre i det daglege arbeidet. For meir info om fellesråd og sokn, sjå nettsidene Kyrkja i Alver
Radøy blir kalla «Den grøne øya», med heildekt grønt landskap. Bygdene har eit rikt kultur – og musikkliv, med fleire korps i aktivitet, og både idrettslag og andre organisasjonar er aktive. Om du likar å fiska, bada og nyta naturen på andre måtar er ikkje sjøen langt unna, og det er også lagt til rette for turar i terrenget. Køyretid til Bergen er om lag 45 min.
På kyrkjekontoret vil du møta ein kreativ stab som likar og gjera kvarandre gode gjennom tverrfagleg samarbeid. I staben er det 50% sekretær, 100% trusopplærar, 60% kyrkjemusikar og 80% diakon, 70% kyrkjetenarressurs, samt dagleg leiar i 60/70%. I tillegg til utlyst soknepreststilling er det pr no ein 50% stilling med prest under utdanning. Soknepresten er fast medlem av soknerådet som har om lag 6 – 7 møter i året.
Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter.
Arbeidsoppgåver
- Utvikle gudstenestelivet i kyrkjene i samarbeid med råd og tilsette
- Bidra til godt samarbeid med stab, råd og friviljuge i sokne
- Samarbeide med offentlege og andre samarbeidspartar i lokalsamfunne
- Delta i det kyrkjelydsbyggande arbeidet i soknet
- Beredskap etter gjeldande ordning i Den norske kyrkja
Kvalifikasjonar
- Cand.theol. med praktikum eller tilsvarande/master i teologi og praktikum
- Medlemskap i Den norske kyrkja
Personlege eigenskapar
- Evne til å byggje lag og samarbeide, men også til å arbeide sjølvstendig
- Evne til å inspirere og engasjere seg i det kyrkjelydsbyggande arbeidet i lag med råd og tilsette
- God formidlingsevne til alle aldersgrupper
- Søkjar må kunne samarbeide også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje
Vi tilbyr
- Ei teneste med samarbeidsviljuge råd og tilsette
- Godt kollegafellesskap i prostiet
- Ein unik kombinasjon av vakker natur og eit rikt kulturliv i små bygdesamfunn og ein tettstad med gode servicetilbod.
- Stillingskode 1555 sokneprest etter KA sitt tariffområde
- Pensjonsordning hos KLP
- Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
- Til løna kjem særskilte regulativmessige godtgjersler
- Arbeidsrettleiing (ABV)
Andre opplysningar
Det er ein fordel å ha førarkort klasse B og disponere bil.
Skriftspråket er nynorsk.
Bjørgvin bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonsevne. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unntak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.
Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.
Kontaktinformasjon
Therese Nesse Mokkelbost, HR-sjef i Bjørgvin bispedøme, 93612276Helge Taranrød, Prost i Nordhordland, 41528318
Arbeidssted
Idrettsvegen 1A5936 Manger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Den norske kirkeReferansenr.: 4947815104
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Helge Taranrød
Prost i Nordhordland
41528318
Therese Nesse Mokkelbost
HR-sjef i Bjørgvin bispedøme
93612276
Om bedriften
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2920581
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a0feaaa3823844a19fc049e3781c3181