Stabsmedarbeidar - Service og kommunikasjon - inntil 100 % vikariat
Vang Kommune
Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Stabsmedarbeidar - Service og kommunikasjon - inntil 100 % vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vang kommune har ledig inntil 100 % vikariat som stabsmedarbeidar. Du kan sjølv velje kor stor stilling du ynskjer å ha, frå 60-100 %. Vikariatet er ledig omgåande, og har varigheit til 31.10.25, med mogleg forlenging.
Hovudarbeidsoppgåva di vil vere ansvar for sentralbord og servicetorg, du vil også ha andre stabsoppgåver relatert til arkiv og informasjons/kommunikasjonsarbeid.
Me søkjer deg som er serviceorientert og nøyaktig, god på kommunikasjon og samhandling, glad i å arbeide med data og system, og som har god arbeidskapasitet.
Me ynskjer også at du er god til å formulere deg skriftlig og er kjent med informasjonsdeling i digitale kanalar.
Me held til i kommunehuset i Vang, avdelinga består av 5 tilsette og me har ansvar for deler av kommunen sine sentrale støttefunksjonar som HR, arkiv, møtesekreteriat, servicetorg mm.
Vang kommune nyttar nynorsk som målform.
Me tilbyr:- Eit inkluderande arbeidsmiljø med hjelpsame og gode kollegaer
- Ein jobb der ein får arbeide med «heile organisasjonen»
- Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- I Vang er det godt å bu! (sjå mange fordeler nedst i annonsen)
Arbeidsoppgåver
- Sentralbord/servicetorg med tilhøyrande oppgåver
- Postmottak mm
- Oppgåver knytt til digitalt arkiv
- Oppgåver knytt til informasjons-og kommunikasjonsarbeid
- Andre merkantile tenester
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
- Gjerne relevant erfaring
- Gode digitale kunnskapar, systemforståelse og interesse for IKT
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Me ynskjer at du er;
- Positiv, effektiv og serviceorientert
- Nøyaktig
- Gjerne nysgjerrig på system og opptatt av å finne gode effektive løysingar
- Fleksibel og sjølvstendig
- Er god på samarbeid og kommunikasjon
- Strukturert og endringsvillig
- God på skriftleg framstilling
- Ein god lagspelar!
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Kontaktinformasjon
Solfrid Jordalen Jægersborg, Leiar HR, organisasjon og service, 90367172, solfrid.jordalen@vang.kommune.noArbeidssted
Tyinvegen 51612975 Vang i Valdres
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vang KommuneReferansenr.: 4923105312
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 05.03.2025
Om bedriften
Vang kommune som arbeidsgjevar:
- Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
- Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
- Vang kommune har nynorsk som skriftspråk.
Å bu i Vang kommune:
- Ei storstilt satsing på barn og unge!
- Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
- Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
- Helse og omsorgstenester av god kvalitet
- Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
- Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
- I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
- Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
- I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
- Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
- I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
- Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres.
- Meir info om arbeids - og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres
Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2866122
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d60c6ed2d2c542458b4eb6ac4e155fa8