Helgestilling på Ulvik Omsorgstun
Ulvik Omsorgstun
Storøyni 30, 5730 Ulvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeider
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 30%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, lørdag og søndag
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. august
Vil du vera med og utvikla ei god avdeling til det beste for pasientane våre? Er du fagleg engasjert og oppteken av å levera kvalitet i arbeidet ditt?
Då kan dette vera stillinga for deg! Me har no ei ledig helgestilling med langvakter kvar fjerde helg.
Å jobba hos oss inneber varierte og spennande oppgåver innan behandling, prosedyrar og prøvetaking. Helsefagarbeidarar får grundig opplæring i aktuelle prosedyrar, og me legg til rette for fagleg utvikling i kvardagen. Frå januar 2026 får me òg ØHD-seng (øyeblikkeleg hjelp døgnopphald), noko som vil styrka det medisinske tilbodet vårt ytterlegare.
Arbeidsoppgåver-
Stell, pleie og omsorg, samt rettleiing i hjelp til sjølvhjelp for brukar/pasient
-
Praktiske oppgåver i avdelinga
-
Helsefaglege oppgåver, inkludert prosedyrar og prøvetaking etter opplæring.
-
Helsefagleg utdanning eller relevant erfaring
-
Ansvarsbevisst, sjølvstendig og i stand til å ta faglege avgjerder
-
Fleksibel og serviceinnstilt, med gode samarbeidsevner
-
Strukturert, effektiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Søkjarar må kunna leggja fram politiattest i tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 og kommunisere på norsk språk nivå tilsvarande B2.
Om arbeidsgjevarHelse og omsorg i Ulvik herad har om lag 45 årsverk og tilbyr tenester innan sjukeheim, heimesjukepleie, legekontor, helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi, ergoterapi, psykisk helse og rus, samt dagtilbod. Me held til i moderne lokale i Ulvik sentrum og på Ulvik Omsorgstun, som stod ferdig i 2019.
Som tilsett hos oss blir du del av eit inkluderande arbeidsmiljø med stort mangfald i alder, kjønn, utdanning og erfaring.
· Løn etter gjeldande tariff og lokale føringar
· Ein arbeidsplass med stor variasjon og mange dyktige kollegaer
· Ein triveleg arbeidsplass i ei flott bygd
· Gode pensjons- og forsikringsordningar
Om UlvikUlvik -- Perla i Hardanger -- ligg idyllisk til inst i Hardangerfjorden. Her finn du spektakulær natur frå fjord til fjell og bre, og eit rikt tilbod for friluftsliv heile året.
Ulvik har eit aktivt kultur- og idrettsmiljø, med idrettshall, symjehall og langrennsarena med lysløype. Konsertar, festivalar, frukt- og siderproduksjon, poesi og sogelag bidreg til eit unikt og levande lokalsamfunn.
Les meir på: Ulvik kommune og Hardangerfjord.com
KontaktCaroline Fleten
Avdelingsleiar, Ulvik Omsorgstun
📞 4000 7184
✉️ caroline.fleten@ulvik.kommune.no
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse og omsorg i Ulvik herad har om lag 45 årsverk og tilbyr tenester innan sjukeheim, heimesjukepleie, legekontor, helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi, ergoterapi, psykisk helse og rus, samt dagtilbod. Me held til i moderne lokale i Ulvik sentrum og på Ulvik Omsorgstun, som stod ferdig i 2019.
Som tilsett hos oss blir du del av eit inkluderande arbeidsmiljø med stort mangfald i alder, kjønn, utdanning og erfaring.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
58534906-d904-474c-a910-470c875ba262
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
58534906-d904-474c-a910-470c875ba262