Fyrstekonsulent sivil forvaltning - Pass/ID
Politiet i Nordfjord, Vest politidistrikt
Almenningen 1, 6770 Nordfjordeid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fyrstekonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
I driftseining Sogn og Fjordane, tenesteeining Nordfjord, er det ledig ei fast stilling som fyrstekonsulent med dagleg oppmøte ved Stad politistasjon.
Vest politidistrikt er i kontinuerleg utvikling, og ein må pårekna endring av arbeidsoppgåver. Det inneber også i større grad å skulle ta del i felles funksjonar for heile politidistriktet. I dag bidreg Nordfjord inn i heilskapen til Vest på fleire arbeidsfelt, bla. politiet sitt kontaktsenter. Framover vil også den digitale utviklinga med forenkling og nye digitale verktøy påverka arbeidskvardagen vår.
Nordfjord politistasjonsdistrikt består av nordre del av Kinn (gamle Vågsøy), Stad og Stryn. Vi har politistasjon på kvar av desse tre stadane, der Stad politistasjon er hovudsete.
Som medarbeidar på ein politistasjon med varierte oppgåver er arbeidsdagen variert og hektisk. Ein må snu seg rundt på kort varsel, samtidig som ein må ha høgt fokus på forutsigbare tenester til innbyggjarane. Stad politistasjon flyttar inn i ny politistasjon våren 2025, som gjev positiv utvikling både på tenestetilbodet til innbyggjarane, og arbeidskvardagen til dei tilsette.
No søkjer vi eit fleksibelt ja-menneske som tek ansvar og jobbar godt både åleine og saman med andre. Som tilsett i eit publikumsmottak jobbar du tett på innbyggjarane, og vi trengt deg som løyser oppgåvene og menneskemøta med smil, god service og respekt.
Arbeidsoppgåver
- Sakshandsaming pass og ID-kort
- ID-kontroll, person- og dokumentkontroll (GTK)
- Publikumsekspedering i skranke og på telefon
- Posthandtering fysisk og elektronisk
- Forkynningar i sivile- og strafferettslege saker
- Enkle forvaltningsoppgåver knytt til hittegods, våpenforvalting, køyresetlar, tapsmeldingar, osv.
- Merkantile oppgåver som enkel rekneskapsføring, arkiv, varebestillingar
- Ta del i andre arbeidsfelt for Vest politidistrikt etter behov, t.d. kontaktsenteret, sivil rettspleie, etc.
- Andre oppgåver pålagd av leiar
Kvalifikasjonar
Nødvendig:- 3 årig vidaregåande skule eller fagbrev innan fagfeltet
- God system- og IT-kompetanse
- God munnleg og skriftleg framføring på norsk og engelsk
- Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetting jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
- Relevant arbeidserfaring vil bli vektlagt
- Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå vil bli vektlagt
Må kunne klarerast med tryggleiksnivå hemmeleg.
Personlege eigenskapar
- Du tek ansvar, er fleksibel og løysingsorientert
- Du jobbar godt åleine, og i team saman med andre
- Du er serviceinnstilt, god på kommunikasjon og flink med menneske
- Du taklar at det skjer mange ting på ein gong, og evnar å omstille deg
Som medarbeider i politiet er du kjenneteikna ved at du er modig og helhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa mer i vår medarbeiderplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma politiet for framtida.
- Stillinga vert løna som fyrstekonsulent (stillingskode 1408) i lønnstrinn 45/kr 466.600,- til lønnstrinn 53/kr 524.700,- per år. Endeleg lønnsplassering er avhengig av kvalifikasjonar
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
- Gode arbeidsvilkår (fleksibel arbeidstid, sommartid, trening i arbeidstida, o.l.)
Generelt:
Politiet meinar inkludering og mangfald er ein styrke. Vi treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg, så vil vi tilrettelegge for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalla inn minst ein søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil sei positivt særhandsama på denne måten, må søkjar oppfylla visse krav. For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg registrere utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår, samt laste opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetting, hol i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, so oppfordrar vi deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssinga dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlge verksemder rapporterar på i sine årsrapportar.
Du kan lese meir på arbeidsgjevarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom førespurnaden din ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.
Saksnr.: 24/238809
Kontaktinformasjon
Rognald Dvergsdal, Tenesteeiningsleiar, 90884173For spørsmål om elektronisk søknad/CV, 207.hr@politiet.no
Arbeidssted
Almenningen 16770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vest politidistriktReferansenr.: 4858185565
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 31.10.2024
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 600 600 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2769028
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d36609a47d434202b1f0c221482b9be4