Logoped
Hå kommune PPT
Håvegen 61, 4365 Nærbø
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vi har ledig ei fast 100 % stilling og ønskjer å tilsette ein logoped med mastergrad. Logopeden skal primært utgreia og arbeida med barn og vaksne som har kommunikasjonsvanskar, stemmevanskar, språk og talevanskar eller svelgvanskar. Anna relevant utdanning kan verta vurdert. Andre oppgåver kan bli lagt til stillingen ved behov.
PPT driv aktivt utadretta arbeid i barnehagar, skular og for vaksne. Fagmiljøet ved PPT er godt. PPT har 14,7 stillingar fordelt på 16 personar. Vi held til i naturskjønne omgjevnadar i gode lokaler på Vigre.
Vi søkjer ein person som:
• Kan arbeida individretta og systemretta innan logopedi.
• Er samarbeidsorientert og som kan vera ein bidragsytar i kompetanseheving.
• Har erfaring med logopedisk arbeid, men nyutdanna oppmodas til å søkje.
• Har god formidlingsevne på norsk, både munnleg og skriftleg.
• Erfaring frå skule, barnehage eller PPT er ein fordel.
• Søkjarar må disponera bil. Køyregodtgjersle etter off.regulativ.
• Personlege eigenskaper vil verta vektlagde.
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tilsetjing.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2449004
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3239063_194331_no