Ferievikar 2025 - Bioingeniør/ bioingeniørstudentar
Ferievikarer Kristiansund sjukehus, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikar 2025 - Bioingeniør/ bioingeniørstudentar
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 31. januar
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Medisinsk biokjemi Kristiansund har behov for ferievikarar i perioden f.o.m. veke 23 t.o.m. veke 35.
Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikken sitt behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastast opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Bioingeniør med norsk autorisasjon
- 2. eller 3. års bioingeniørstudent
- Bioingeniørstudent som er ferdig med 1. studieår kan også søkje
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
- Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
- Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
- Fagleg interessert og lærevillig
- Sjølvstendig, ansvarsbevisst og lojal
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Trivst i ein aktiv og travel kvardag
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn i henhold til gjeldande overeinskomst
For meir informasjon om vår region, sjå her og her.
Kontaktinformasjon
Marit Sivertsen, Seksjonsleiar, marit.sivertsen@helse-mr.noArbeidsstad
Herman Døhlens vei 16508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4887333726
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2796968
- Hentet fra
talentech
- Referanse
10c888b5ef5f444dbd1620d949cca073