Fast i sommarrute og ressursgruppe i ein attraktiv 2:4-turnus!
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
5108 Hordvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Maskinsjef ressursgruppe i Vestland / Sommerruta MF Lifjord
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Er du klar til å bidra til framtidas transportløysningar?
Fjord1 er eit av Noregs leiande ferjeselskap. Vi leverer trygg og påliteleg transport for passasjerar og kjøretøy langs norskekysten. No søker vi ein dyktig og engasjert maskinsjef som ein del av vår ressursgruppe, med fast omdisponering til sommarruta på sambandet Jondal – Tørvikbygd, p.t. MF Lifjord.
Dette er ein del av vår nye strategi for å styrke ressursgruppa gjennom faste tilsetjingar. Som maskinsjef vil du utanfor sommarsesongen vere ein del av ressursgruppa og bidra til å sikre kontinuitet og stabil drift på tvers av fleire samband, som MF Lifjord, MF Solskjel og MF Sogn.
Sommarrute: 15. mai – 15. oktober 2025 på MF Lifjord
Skiftordning: 98 timars arbeidsveke (14 timar per dag), med 2 veker på, 4 veker av.
Vi vurderer moglegheita for individuelle tilpassingar i skiftordninga i vinterperioden.
Kvifor velje oss?
- Variert arbeid: Ein spanande og variert arbeidsdag med utfordrande oppgåver.
- Fleksibel skiftordning: 2 veker på, 4 veker av gir deg ein god balanse mellom jobb og fritid.
- Fantastiske kollegaer: Jobb saman med engasjerte og erfarne sjøfolk.
- Karrieremoglegheiter: Vi gir deg verdifull erfaring hos Noregs leiande ferjerederi.
- Moglegheit for å bu om bord: Du kan bu om bord i arbeidsperiodane, eller reise heim etter ynskje.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fridtid!
Dine arbeidsoppgåver
- Ansvar for teknisk drift og vedlikehald av MF Lifjord i sommarruta på Jondal – Tørvikbygd 15.05-15.10.2025
- Teknisk vedlikehald utanom sommarsesongen, med base på Steinestø ferjekai eller oppdrag på andre fartøy i ressursgruppa.
- Lede det tekniske arbeidet om bord og sikre at alt utstyr oppfyller krava frå klasse- og styresmakter.
- Vedlikehald av maskineri og komponentar i tråd med AMOS vedlikehaldssystem.
- Samarbeid med skipsførar for å sikre at tryggleikssystemet vert følgt og at ISM-koden er oppfylt.
- Opplæring av personell og handsaming av alarminstruks.
- Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar, reservedelsoversikt, samt arkivering og vedlikehald av tekniske dokument.
- Overvake forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, samt føre maskindagbok og oljedagbok i samsvar med krav.
- Budsjettere og bestille reservedelar og utstyr innanfor sitt ansvarsområde.
- Sørgje for oppdatert stoffkartotek, samt reinhald og brannførebygging.
Kvalifikasjonar
- M3-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
- FSE kurs
Kven er du?
Vi søker ein erfaren og løysingsorientert maskinsjef med:- Strukturert tilnærming og gode leiareigenskapar.
- Sterkt fokus på tryggleik og effektivitet.
- Ønske om å bidra positivt til vårt team og vår utvikling.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Det Norske Maskinistforbund.
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
- Attrakive velferdsordningar.
- Skiftordning: 2 veker på, og 4 veker av
Er dette stillinga for deg? Send inn søknaden din og bli med på laget som sikrar framtidas transport!
Kontaktinformasjon
Silje Terese Hjønnevåg Hole, Bemanningskoordinator, +47 91311704, Silje.Hole@fjord1.noArbeidsstad
5108 Hordvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4911321382
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.02.2025
Om bedriften
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.
Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.
Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2843039
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3bca46c5f05c4d3eb70ccdefe12f3667