ID 2041 Kulturskulelærar fiolin – Eining for kultur
Stord kommune
Stord
Om jobben
Stillingstittel
fiolinlærar, kulturskulelærar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Kveld og dagtid, alle dager
Antall stillinger
1
Stord kulturskule er ein frivillig skule som har ei rekke tilbod om undervisning innan musikk, dans, teater, parkour, musikkterapi og visuelle kunstfag. Det meste av undervisninga er lagt til ettermiddagstid og er i Stord kulturhus eller i Osen 6, sentralt i Leirvik sentrum. Kulturskuletilbodet rettar seg i hovudsak mot born og unge i alderen 0 -- 20 år, men skulen har ingen aldersgrense, og er difor open for alle. Kulturskulen har fast fellestid for alle tilsette to dagar i veka. Undervisninga er i hovudsak lagt til ettermiddagstid og det er elevar i alle aldrar, også vaksne. Lærar har tilgang til arbeidsrom/kontor i tilknyting til undervisningsrommet. Stord kulturskule har 600 elevplassar og 18 tilsette og skulen er organisert under Eining for kultur.
Det er ledig 100% stilling for allsidig kulturskulelærar med fiolin som hovudinstrument.Det er ynskjeleg med bi instrument song og/eller piano. Stillinga består av individuell undervisning, men og undervisning i grupper. Det er ei forventning om at lærar tek ansvar for planlegging og gjennomføring av elevkonsertar og andre prosjekter. I tillegg til ordinær undervisning, vil noko av arbeidstida verta lagt til helg, i samband med konsertar, framsyningar og liknande.
Arbeids- og ansvarsområde:- Førebu, gjennomføra og evaluera undervisninga
- Kommunikasjon med føresette, elevar og samarbeidspartnarar
- Arbeida aktivt med rekruttering av elevar
- Bidra positivt og aktivt til utviklingsarbeid i fellesskap
- Bidra i planlegging og gjennomføring av konsertar, framsyningar og andre arrangement
- Utarbeida nye former for samspel/orkester el. liknande
- Bidra til synleggjering av faget og kulturskulen generelt.
- Minimum bachelornivå i musikk eller tilsvarande.
- Pedagogikk
- Må beherske munnleg norsk
- Den som vert tilsett må leggje fram politiattest av ny dato
- Du er initiativrik og har evne til å tenkje kreativt og utradisjonelt i utviklinga av kulturskulearbeidet
- Du er sjølvstendig, målbevisst og engasjert
- Du holdar deg fagleg oppdatert
- Du har godt humør og er positiv i møte med elevar, forsette og medarbeidarar
- Du er fleksibel og løysingsorientert
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
- Du må gjerne vera nyutdanna
- Eit kreativt og hyggeleg fagmiljø med mogleikar for å påverka vidare utvikling av kulturskulen
- Ein spanande og utfordrande stilling, med stor fridom innan gitte rammer
- Eige kontor/undervisningsrom
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje
Nærare opplysningar får du ved å venda deg til rektor/avdelingsleiar i Stord kulturskule, Gareth Whittaker, + 47 53 49 67 98 eller e-post: gareth.whittaker@stord.kommune.no
Ein finn meir informasjon om Stord kulturskule på www.stord.kommune.no/no/stordkulturskule
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2349354
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
57f4c4f6-1d79-4c4f-99df-e3812bfd57a2