Vil du vere med og forme framtidas biodrivstoffpolitikk?
Klima- og miljødepartementet
Einar Gerhardsens plass 1, 0179 Oslo
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. mai
Vil du bruke kompetansen din i eit viktig klima- og miljøfagleg arbeid? Trivst du med stor variasjon i arbeidsoppgåver der både detaljar og heilskap er viktige?
Klima- og miljødepartementet søkjer ein medarbeidar til Seksjon for karbonlagring og bioressursar.
Seksjonen for karbonlagring og bioressursar har ansvar for klimarammeverket innan skog- og arealbruksregelverket, samt ulike former for bioressursar med tilhøyrande krav til berekraft og utsleppsreduksjonar. Seksjonen har òg ansvar for klimatiltak i byggsektoren og følgjer opp forbodet mot oljefyr som blei innført i 2020. I tillegg samarbeider seksjonen tett med Landbruks- og matdepartementet om klimatiltak i jordbruket, og med Energidepartementet om fornybardirektivet og arbeidet med karbonfangst og -lagring. Seksjonen koordinerer òg arbeidet med klimakunnskap i KLD.
Arbeidet omfattar tinging og bruk av utgreiingar i politikkutforming, arbeid med regelverk og samarbeid med andre departement, direktorat, næringsaktørar og interesseorganisasjonar. I denne stillinga vil du få god innsikt i politiske avgjerdsprosessar og jobbe i samspelet mellom politikk, næringsliv og fag.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåvene er knytte til fagområdet bioressursar, som omfattar alt organisk materiale som kan haustast, foredlast og brukast til produksjon av mat, fôr, energi, materialar og kjemikaliar. I denne stillinga vil du mellom anna bidra til å vidareutvikle biodrivstoffpolitikken og til å gjennomføre sentrale delar av EU sitt regelverk på dette området saman med to andre medarbeidarar i seksjonen. Seksjonen forvaltar omsetningskrava for biodrivstoff og sørgjer for eit forsvarleg kunnskapsgrunnlag i tråd med utgreiingsinstruksen. Dette omfattar offentlege høyringar, foreleggingar og avklaringar i regjeringa. Ein sentral del av arbeidet er innlemming og gjennomføring av EU‑regelverk. Seksjonen samarbeider mellom anna med Energidepartementet i oppfølginga av fornybardirektivet, og tett med Samferdselsdepartementet om innlemminga av RefuelEU Aviation. Arbeidsoppgåver kan endrast over tid, og du kan bli involvert i andre fagområde i seksjonen etter behov og ønskje.
Saman med gode kollegaer vil du mellom anna:
- følgje opp og utvikle biodrivstoffpolitikken
- bidra i arbeidet med å innlemme og gjennomføre sentrale EU-regelverk i norsk rett
- bidra i utarbeidinga av regjeringas klimastatus og -plan, herunder å vurdere tiltak og verkemiddel for å redusere utsleppa i tråd med måla for 2030 og 2050
- utarbeide svar på spørsmål frå Stortinget og følgje opp anmodningsvedtak
- skrive talepunkt og medieinnspel for politisk leiing
- bidra inn i arbeidet med statsbudsjettet
- ivareta brei og løpande dialog med biodrivstoffbransjen, miljøorganisasjonar, Miljødirektoratet, fleire departement og EU-kommisjonen
- byggje kompetanse om tekniske, juridiske og økonomiske forhold knytte til biodrivstoff
Vi søkjer deg som har følgjande bakgrunn
For å kvalifisere til stillinga må du ha:- fullført mastergrad innan relevante fagområde, med svært gode karakterar. Relevant erfaring kan i enkelte tilfelle kompensere for karakterkravet.
- minimum 2 års relevant arbeidserfaring
- svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- erfaring innan klima- og miljøfeltet
- erfaring frå offentleg sektor, fortrinnsvis departement, direktorat eller annan underliggjande verksemd
- kjennskap til EU-regelverk innan klima, miljø og energi
Stillinga krev at du kan bli autorisert etter tryggingslova på nivå BEGRENSET. For meir informasjon sjå nsm.no.
For å lukkast i stillinga må du ha:
For å lukkast i stillinga må du:- ha god rolleforståing
- arbeide sjølvstendig og ta ansvar for eigne oppgåver
- ha gode samarbeidsevner og bidra positivt i team og arbeidsmiljø
- ha solid fagleg styrkje og tryggleik i eigne vurderingar
- ha analytisk tilnærming og evne til å setje deg raskt inn i nye fagområder og problemstillingar
- vere strukturert og effektiv i arbeidet som sørgjer for at du kan levere under tidspress
Personleg eignaheit vil bli tillagd vekt.
Kvifor skal du jobbe hos oss?
- I Klima- og miljødepartementet får du bidra til løysingar på nokre av vår tid sine viktigaste utfordringar.
- Arbeidet ditt kan gi konkrete utslag i korleis Noreg når klimamål, vernar natur og regulerer miljøpåverknad.
- Du får god innsikt i politikkutforming og tett dialog med politisk leiing
- Du får varierte og meiningsfulle oppgåver.
- Du blir del av ei seksjon som har eit godt sosialt miljø og engasjerte, kunnskapsrike og hyggelege kollegaer.
- Klima- og miljødepartementet tilbyr gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter. For å nemne noko vil du som nytilsett delta i vårt introduksjonsprogram, får kurs i regi av Departementsakademiet og får vokse i takt med nye oppgåver.
- Fleksible arbeidstidsordningar og betalt overtid.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode vilkår for lån, forsikring og pensjon som sikrar deg og dine næraste
Vi er opptekne av å ha eit berekraftig arbeidsmiljø med vekt på trivsel og eit lærande fellesskap. Vi har eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert 1½ time trening i arbeidstida i veka. Vi har eige kor, ei revygruppe, bedriftsidrettslag og trimrom. Lokala våre ligg sentralt i Oslo med kort veg til kollektivtransport, og vi har subsidiert kantine og kaffebar.
Betingelsar:
Årsløn for rådgjevar: frå kr 650 000 - 770 000.
Årsløn for seniorrådgjevar: frå kr 690 000 - 910 000.
For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Stilling og lønsinnplassering avheng av erfaring og kvalifikasjonar. Som hovudregel krevst det to års relevant erfaring for å bli rådgivar og fem år for å bli seniorrådgivar.
Frå lønna vert det trekt 2 % til Statens pensjonskasse. Medlemskap gir fleire gode ordningar, inkludert livsvarig alderspensjon, AFP, økonomisk tryggleik ved sjukdom eller uførheit, støtte til etterlatne, forsikringsordningar og gunstige bustadlånsvilkår.
Vi er opptekne av mangfald og inkludering:
Vi ønskjer å rekruttere den best kvalifiserte kandidaten og treng difor eit breitt rekrutteringsgrunnlag. Klima- og miljødepartementet har som mål å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet og tek i bruk det samla potensialet i befolkninga Sine samla kompetansar Det betyr at vi ønskjer velkommen søkjarar med ulik arbeids- og livserfaring som av ulike grunnar ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkjeskarriere. Vi er ei IA-verksemd og har gode tilretteleggingsmoglegheiter. Kvalifiserte kandidatar vert oppmoda til å søkje.
Er dette stillinga for deg? Les dette før du søkjer:
- Søknad sendast elektronisk via lenka på denne sida.
- Du svarar på nokre faglege spørsmål som del av søknadsprosessen, som erstattar søknadstekst.
- CV-felta i portalen må fyllast ut sjølv om du legg ved eigen CV.
- Last opp vitnemål/karakterutskriftar (kan hentast frå Vitnemålsportalen) og relevante attestar.
- Utanlandske vitnemål må vere godkjende (sjå hkdir.no).
- Personopplysningar vert behandla i tråd med GDPR.
- Opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om du ber om unntak.
Om bedriften
Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for å ivareta heilskapen i klima- og miljøpolitikken til regjeringa. Departementet er etatsstyrar for Artsdatabanken, Enova, Meteorologisk institutt, Miljødirektoratet, Norsk kulturminnefond, Norsk Polarinstitutt, Riksantikvaren, Senter mot marin forsøpling og Svalbards miljøvernfond, og har om lag 260 tilsette.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
57efa28a-5f0a-45ea-a49f-82c62b26fc8d
- Sist endret
30. april 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
460240549