Controller - økonomi og verksemdstyring
Seksjon for virksomhetsstyring, Bufetat
Solheimsgaten 11, 5058 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Controller økonomi og verksemdstyring
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 27. juni
Bufetat, region vest har ledig ei fast 100 % stilling som rådgjevar ved Seksjon for verksemdstyring.
Vi ønsker oss ein økonom med vilje og evne til å arbeide sjølvstendig, som også kan vere ein som kjem med forslag til forbetring av prosessar eller nye måtar å gjennomføre analysar på. Analysar av økonomi- og aktivitetsdata og forbetra styring er eit satsingsområde, og du vil få samarbeide med dyktige medarbeidarar og leiarar i verksemda. Stillinga er lagt til Seksjon for verksemdstyring i staben på regionkontoret, og består av 11 tilsette.
Stillinga passer for den som ønsker å utvikle seg i controller-rolla, med vekt på datadreve verksemdstyring i større organisasjonar.
Arbeidsoppgåver
Dette blir dine arbeidsoppgåver
- Oppfølging av budsjett, regnskap og aktivitet ved månadleg rapportering.
- Analyse av økonomi- og aktivitetsdata relatert til prognosar og verksemdstyring.
- Oppgåver knytt til periodisk rapportering, internkontroll og ulike typer avviksanalyse
- Prosjektarbeid innan økonomi- og styringsfeltet saman med analyseteamet i seksjonen.
- Utarbeiding av budsjett for einingar og regionen i samarbeid med leiarar.
- Samarbeid rundt forbetring av arbeidsprosessar, herunder digitalisering av styringsverktøy og bruk av datavarehus.
Kvalifikasjonar
Kva bakgrunn har du?
Du må ha:
- Utdanning på mastergradsnivå (siviløkonom eller samfunnsøkonom). For bachelor/3-årig utdanning innan økonomi kan lang relevant erfaring erstatta utdanningskravet
- Relevant erfaring som økonom/controller, herunder økonomirapportering og budsjettarbeid (for tilsetting som rådgjevar).
- Erfaring frå økonomisk analyse (rådgjevar).
- God digital kompetanse.
Det er ein fordel å ha:
- Relevant erfaring frå offentleg verksemd, og kompetanse innan økonomiregelverk til offentleg forvaltning.
- God økonomi- og forretningsforståing med evne til å sjå samanhenger.
- Evne til raskt å sette seg inn i nye problemstillingar.
- Erfaring i å presentere økonomidata.
Personlege eigenskapar
Kven ser vi etter?
Du er:
- analytisk, sjølvstendig og har høg gjennomføringsevne
- strukturert, resultatorientert og fagleg engasjert
- sterk på bruk av ulike dataverktøy, herunder Excel, Pivot og datavarehusbaserte løysingar
- god på samarbeid både i gruppa og i organisasjonen, og evner å bygge gode relasjonar
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- tillitsskapande og serviceorientert
- god på å framstille økonomisk informasjon på ein lettfatteleg måte
Personlege eigenskapar vert tungt vektlagt ved vurdering av kandidatane
Vi tilbyr
Kva kan me tilby deg?
- Meiningsfylt arbeid for deg som vil være med å jobbe med vårt viktige samfunnsoppdrag. Utfordrande og varierte oppgåver innafor eit fagområde under utvikling.
- Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1408 førstekonsulent, p.t. kr 548 600 - 620 000 pr. år, eller som 1434 som rådgjevar, p.t. kr 585 000- 690 000 pr. år. Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Moglegheit for trening i arbeidstida.
Opplysningar til deg som søker
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Seksjon for verksemdstyring i staben på regionkontoret i Bergen.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
For å bli vurdert som søkar, må du legge ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du legga ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Kontaktinformasjon
Jan Eskil Sævareid Aldal, 97149708Arbeidssted
Solheimsgaten 115058 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 4977524247
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Jan Eskil Sævareid Aldal
97149708
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
57e83ef1-33f2-4853-85b8-6fad32c68e7f
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8ccfa6b8cb7f450196b0908f946c570b