Hopp til innhold

Rektor Julsundet skole

Arbeidsgiver

Aukra kommune Julsundet skole

Sted

Skolebakken 7, 6409 Molde

Om jobben

Stillingstittel
Rektor/ Einingsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 13. april

Stillinga som rektor er ledig frå 1. august 2026. Julsundet skole ligg på fastlandsdelen av Aukra kommune, ca. 10 minutt med bil frå Molde sentrum. Skolen har om lag 230 elevar og 60 tilsette. Aukraskolen prioriterer utviklingsarbeid mellom anna gjennom satsing på eit godt læringsmiljø.

Vi søker ein inkluderande og utviklingsorientert skoleleiar med pedagogisk utdanning og erfaring, og helst også formell kompetanse og erfaring i leiing og/eller skoleleiing. Du har stor arbeidskapasitet, og di arbeidsform er systematisk og strukturert.

Vi ønskjer ein rektor som er inspirerande, engasjert, initiativrik og har godt humør. Personlege eigenskapar vert vektlagde.

For oss er det viktig at du er ein inkluderande og utviklingsorientert leiar, som er tydeleg og samarbeidsorientert, med evne til å inspirere og stille krav til dei tilsette. Som leiar er du synleg og tydeleg, og legg til rette for samskaping og gode prosessar. Du må ha gode kommunikasjonsevner, samt evne til å ta avgjersler. Du har høge ambisjonar for elevane, dei tilsette og skolen. Du kan bruke nynorsk som målform.

Rektor er ein del av kommunedirektøren si leiargruppe.

Vi har forventningar til at du
  • vidareutviklar eit godt, trygt og inkluderande læringsmiljø
  • er pådrivar for godt samspel med elevar, foreldre, tillitsvalde og nærmiljø
  • bidreg til samhandling på tvers av einingane i kommunen
  • er god på økonomistyring
  • skaper eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
  • Ein utviklande og spennande jobb på ein skole med dyktige medarbeidarar
  • Ei leiargruppe som vil ta vel imot deg, og gje deg plass
  • Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar
Særskilte krav

Det vert stilt krav om politiattest.

Prøvetid

Det er gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader.

Søkarliste

Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følgje.

Søknad sendast

Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad" innan søknadsfristen 13.april.

Kontakt
Kommunalsjef oppvekst og kultur, Jan Erik Hovdenak, tlf. 924 14 627


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Jan Erik Hovdenak, Kommunalsjef

+47 92414627

jan.erik.hovdenak@aukra.kommune.no

Om bedriften

Aukra kommune er ein kommune lokalisert på øy- og fastlandsdel. Her er det vakker natur med nærleik til hav og fjell, flotte kulturopplevingar både i lokalmiljøet og i nærområda, og det er korte avstandar til mellom anna Molde, Åndalsnes og Ålesund. Aukraskolane har eit brennande hjarte for elevane. I Aukraskolane legg vi til rette for læring for alle elevar og stimulerer den enkelte sin motivasjon, lærelyst og tru på eigne evner. Vi arbeider for eit inkluderande fellesskap og eit trygt skolemiljø som fremmer helse, trivsel og læring for alle Julsundet skole er ein 1-10-skole med om lag 45 tilsette og 250 elevar. Personalet her på Julsundet skole er fagleg dyktige, har stort engasjement, godt humør og godt samhald. Skolen ligg 15 kilometer vest for Molde.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

57dabb6b-92aa-4bcc-8793-33876c5b674b

Sist endret

23. mars 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3609255_191797_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser