Hopp til innhold

Rådgivar Kyrkjefag

Arbeidsgiver

Den norske kyrkja, Møre bispedøme

Sted

Moldetrappa 1, 6415 Molde

Om jobben

Stillingstittel
Rådgivar Kyrkjefag
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest mandag 10. august

Møre bispedømmekontor er plassert i Molde og er i ferd med å flytte til Moldetrappa 2 i Romsdalskvartalet. Bispedømmekontoret har om lag 9 årsverk og er organisert i to avdelingar «Kyrkjefag og samfunn» og «HR og organisasjonsutvikling». Rådgjevarane i kyrkjefag  og samfunn er er ein del av biskopen og bispedømerådets administrasjon, og skal vere støtte for biskopen i hennar arbeid med tilsynet med vigsla medarbeidarar og kyrkjelydane, vere med å verkeleggjere bispedømets startegi og støtte prostar og dei lokale kyrkjelydane. I Møre bispedømme er det 95 sokn og 25 Kyrkjelege fellesråd. Fram mot 2030 har Møre unge og unge vaksne, kyrkja som samfunnsaktør og organisasjonsutvikling som satsninsområder.

Møre bispedøme har ledig eit årsvikariat i avdeling for kyrkjefag og samfunn. Vi søkjer etter ein rådgjevar som kan gå inn i arbeidet i avdelinga, med hovudfokus på arbeidsfelta kyrkjeleg undervisning, diakoni, unge og unge vaksne og ungdomsdemokrati. Det vil og vere aktuelt med arbeidsoppgåver innan kommunikasjon. Kyrkjefagavdelinga arbeider tett saman, og det vil vere naturleg å tilpasse arbeidsoppgåvene til den kompetansen og erfaring som den som blir tilsett har. Det kan og vere aktuelt å gå inn i andre fagfelt innan kyrkjefag og samfunn.

Ein søkjer etter ein person med høgare utdanning innan teologi, diakoni eller kyrkjeleg undervisning. Erfaring frå Den norske kyrkja, enten som tilsett eller frivillig er ønskeleg. Stillingsstørrelse er 50-100%. Varighet er 1 års vikariat, med moglegheit for forlenging.

Kontorstad er Molde.

Virkar dette spennande? Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar Maria Vassli Gjære eller stiftsdirektør Bjørn Olaf Storhaug for ein prat om stillinga. 


Arbeidsoppgåver

  • Bidra med rådgjeving, saksførebuande arbeid og kompetanseutvikling innan diakoni og kyrkjeleg undervisning og læring
  • Arbeide med oppbygging av ungdomsdemokratiet i Møre bispedøme
  • Vere med og utvikle satsing på unge og unge vaksne i Møre
  • Saman om misjon og menighet (SMM)
  • Kommunikasjonsarbeid
  • Kyrkjeval
  • Høringsarbeid
  • Oppgåvene vil til en viss grad bli tilpasset erfaring og kompetanse til den rette kandidaten

Kvalifikasjonar

Høgare utdanning, fortrinnsvis innan teologi, kyrkjeleg undervisning og læring eller diakoni

Kjennskap til Den norske kyrkja som organisasjon

Fordel med erfaring frå frivillig arbeid

Personlege eigenskapar

  • God formuleringsevne skriftleg og munnleg
  • Gode samarbeidseigenskapar
  • Proaktiv og løsningsretta
  • Evne til å ta initativ og arbeide sjølvstendeg
  • Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagt

Vi tilbyr

  • Løn etter hovudtariffavtalen i Den norske kyrkja, kode 1434 Rådgivar
  • Innskot i KLP.
  • Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette.
  • Vi legg vekt på å tilby gode vilkår for kompetanseutvikling
  • Flexitid
  • Godt arbeidsmiljø i eit fagleg sterkt kollegium


ANNA:
Du må opplyse om du kan meistre begge målformer. Møre bispedøme har nynorsk som administrasjonsspråk. 
Møre bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning. Vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og livssynssamfunn § 20. Må vere medlem i Den norske kyrkja.

Du er velkomen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referansar via vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ynskjer namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Maria Vassli Gjære, Avdelingsleiar Kirkefag, 91523568, MG285@kirken.no
Bjørn Olaf Storhaug, Stiftsdirektør, 92810040, BS665@KIRKEN.NO

Arbeidssted

Moldetrappa 1
6415 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Den norske kirke

Referansenr.: 5146721703
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Søknadsfrist: 10.08.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Bjørn Olaf Storhaug

Stiftsdirektør

92810040

BS665@KIRKEN.NO

Maria Vassli Gjære

Avdelingsleiar Kirkefag

91523568

MG285@kirken.no

Om bedriften

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

57d158d7-f53a-4481-89e4-6d17f28ae284

Sist endret

25. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

19ded5d2267446e787bb0b758ea5a771

Lignende annonser

Laster lignende annonser