Hopp til innhold

Psykisk helsearbeidar – Meistringseininga, psykisk helse og rus

Arbeidsgiver

Hå kommune Mestringsenheten

Sted

Klokkertunet, 4360 Varhaug

Om jobben

Stillingstittel
Psykisk helsearbeidar
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 15. april

Meistringseininga gir tenester til innbyggjarar som har utfordringar knytte til psykisk helse eller rus, og som bur utanfor Klokkartunet på Varhaug. Vi har òg ansvar for tildeling av kommunale bustader og oppfølging av leigetakarar, særleg flyktningar og personar som står i vanskelege livssituasjonar.
Arbeidet vårt er recoveryorientert. Det betyr at vi tek utgangspunkt i kva brukarane sjølve opplever som viktig. Vi tilbyr samtalar, rettleidd sjølvhjelp, kurs (KiB, meistringskurs), støtte til daglege gjeremål og ulike aktivitetar. Vi nyttar tilbakemeldingsverktøyet FiT (Feedbackinformerte Tenester). Avdelinga tildeler og følgjer opp støtte- og treningskontaktar.

Om stillinga
Vi har ledig ein midlertidig stilling i 100 % frå 01.05.2026 til 31.12.2026, med moglegheit for forlenging. Arbeidstid er dagtid, 37,5 t/veke.
Det er ynskjeleg at den som blir tilsett kan starte 01.05.2026, og gå rett inn i arbeid med brukarane.
Du vil jobbe med menneske som har ulike rus- og/eller psykiske helseutfordringar – frå milde til alvorlege og langvarige. Vi samarbeider tett med fastlegar, spesialisthelsetenesta, NAV og andre instansar.

Kvalifikasjonar
  • Bachelor innan helse og/eller sosialfag, fortrinnsvis verne-eller sjukepleiar
  • Relevant vidareutdanning er ynskjeleg
  • Erfaring frå recoveryorientert arbeid
  • Må kunne ta kurs i medikamenthandtering dersom du ikkje har formell kompetanse
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
  • evne til å motivere og skape tillit
  • fleksibel og løysingsorientert
  • positivt menneskesyn
  • gode samarbeidsevner
  • tolmodig og målretta
  • vilje til å stå i ein variert og til tider uforutsigbar arbeidshverdag
  • noko fleksibilitet i arbeidstid må reknast med

Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Vi oppmodar menn til å søkje, då vi ønskjer betre kjønnsbalanse i avdelinga.
Stillinga blir løna som sjukepleiar, vernepleiar eller miljøterapeut, avhengig av utdanning.

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål, i PDF-format, sammen med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Politiattest nyare enn tre månadar må leverast før start i stilling.

Tilsetjingsvilkår
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månadar og reglar for flyttegodtgjersle.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Hege Iren Vigre

Konstituert verksemdsleiar

990 28 680

hegeiren.vigre@ha.kommune.no

Om bedriften

Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutter med tog frå Stavanger. Kommunen har over 20 000 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finner ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er "Me løfter i lag". Våre verdier er Åpen, Driftig og Stolt. Vi ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar! Tilgjengelighetserklæring

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

57cf3ad7-0981-4ed1-a849-f89feeaa7304

Sist endret

1. april 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3613439_194545_no

Lignende annonser

Laster lignende annonser