Ambulansearbeidar/Paramedisinar - Seksjon Sør/vest
Kirurgisk serviceklinikk/ Akuttmedisinsk avdeling, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Ambulansearbeidar/Paramedisinar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 5
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. april
Akuttmedisinsk avdeling, AMA, er ein avdeling under Kirurgisk Serviceklinikk, og har ansvaret for all ambulansedrift (bil, båt, helikopter) samt nødmeldetenesta i Helseføretaket. Avdelinga har om lag 360 tilsette. Drifta er i dag organisert i tre ambulanseområde i tillegg til AMK-sentral.
Vi søker etter Ambulansearbeidar/Paramedisinar i ambulansetenesta ved:
Seksjon Sør/Vest: Godvik, Sotra, Fana
3 x 100% vikariat frå snarast og til 31.12.2026 med mogleg forlenging
2 x 36,4% faste helgestillingar frå snarast
Oppgi i søknaden kva stilling(ar) du søker. Kandidatar kan bli fortløpende kalla inn til intervju og fysisk test undervegs i prosessen.
Søkarar som blir kalla inn til intervju vil måtte gjennomføre følgande testar:
* Fysisk test
* Fagleg utsjekk
* Køyreutsjekk
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som ambulansearbeidar
- Førarkort kl. C1 og utrykkingskøyring (kode160)
- Plettfri vandel. Vandelsattest må leggast fram før tilsetting
- Anna helsefagleg bakgrunn med ambulanseerfaring kan vurderast
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst, påliteleg, serviceorientert og fleksibel
- God fysisk og psykisk helse
- Evne til å ta raske avgjerder og til å arbeide sjølvstendig
- Søkar sine personlege eigenskapar tel mykje ved tilsetting
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Vi tilbyr gode turnusordningar
- Vi tilbyr fagdagar med kompetanseheving
- Stasjonane har gode treningsfasilitetar og mange spennande oppdrag både sommar og vinter
- Det er godt samarbeid med dei andre nødetatane i distrikta
- Gode kollegaer i eit triveleg miljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Tone Daltveit Mosevoll, Seksjonsleiar, 98260414Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5102499826
Stillingsprosent: 100, 36,4%
Vikariat, Fast
Søknadsfrist: 12.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Tone Daltveit Mosevoll
Seksjonsleiar
98260414
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
57a14cc3-bd00-4829-9154-8f17d9fdf164
- Sist endret
24. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8474096363a64c5480fc071d322f2fde