Sjukepleiar ved Hogatunet bu- og behandlingssenter
Hogatunet bu- og behandlingssenter, Stad kommune
Skulevegen 24, 6770 Nordfjordeid
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar ved Hogatunet bu- og behandlingssenter
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 31. mai
Vi søker sjukepleiar i fast stilling i turnus ved Hogatunet. Stillinga er i hovudsak 100 %, men ønske om annan stillingsprosent kan vurderast.
Du må trivast med ansvar,ta sjølvstendige faglege vurderingar og handtere varierte situasjonar. Her får du oppgåver som spenner frå avansert medisinsk oppfølging, til tett samarbeid og oppfølging i livets siste dagar.
Du får brukt din sjukepleiarkompetanse der den trengst mest. Du blir del av eit sterkt fagmiljø der kunnskap, erfaring og idear er verdsette. Du får utfordringar som gir deg høve til å bruke både akuttkompetanse, kliniske ferdigheiter, observasjonskompetanse og omsorgsevne.
Som tilsett i eininga vil du samarbeide med andre tenester som heimetenesta, sjukehus, legetenesta og fysio-og ergoterapitenesta.
Vi har årsturnus og stillinga har tredelt turnus med hovudvekt på nattevakter. Det er arbeid kvar 3. helg og det er høve til inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsplanen mot ekstra kompensasjon. Det er og tilbod om sommaravtale mot ekstra kompensasjon.
Sjukepleiarar i turnus får tilbod om kr. 30.000,- over tarifflønn, som eit rekrutteringstillegg. Moglegheit for kompetansetillegg på inntil kr. 28 000,- for inntil 60 studiepoeng for relevante studiar/vidareutdanningar.
Hogatunet har 52 institusjonsplassar fordelte på fem avdelingar. Det er fire avdelingar for langtidsopphald der to avdelingar er spesielt tilpassa bebuarar med behov for skjerming i kvardagen. Ei avdeling er tilrettelagt for korttids- og avlastningsopphald.
Hogatunet har eige institusjonskjøkken som òg leverer mat til heimebuande og Fossevegen bufellesskap.
Er du sjukepleiestudent oppmodar vi deg til å søkje!
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefaglege oppgåver, omsorg og medisinsk behandling
- Kartlegging og vurdering av behov til brukarane
- Samarbeid med pårørande
- Samarbeid med sakshandsamarteam
- Oppfølging og dokumentasjon etter gjeldande krav til kvalitet, lovverk og kommunale retningslinjer
- God organisasjons- og systemforståing
- Rettleie medarbeidarar, studentar og lærlingar
- Tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell
Kvalifikasjonar
- Off. godkjend/autorisert sjukepleiar
- Er du sjukepleiarstudent oppfordrar vi deg til å søkje
- Gjerne relevant vidareutdanning og kurs
- Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du jobbar for eit kontinuerleg godt og utviklande arbeidsmiljø
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du likar utfordringar og varierte arbeidsdagar
- Er fleksibel, tek initiativ og ansvar
- Du kan arbeide sjølvstendig og samarbeid med andre
For oss er det viktig at du trivast med menneske og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre brukarar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må difor kunne setje deg inn i ulike sjukdomsbilete og anbefalte behandlingsmetodar.
Vi tilbyr
- Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Årsarbeidsplan som gir god fleksibilitet til å planlegge arbeidstid
- Moglegheit for kompetansetillegg på inntil kr. 28 000,- for inntil 60 studiepoeng for relevante studiar/vidareutdanningar
- Rekrutteringstilskot kr 30 000,- over garantiløna etter hovudtariffavtalen kap.4.
- Høve til å inngå avtale om å arbeide fleire helgar og sommaravtale i turnus, mot ekstra kompensasjon
- Høve til å inngå individuell avtale om frie timar i turnus
- Tilbod om flyttegodtgjersle om du flyttar til kommunen vår
- Høve til fagleg utvikling og tilrettelegging for vidareutdanning på område kommunen har behov for
- Høve til å inngå avtale om stipend og bindingstid som sjukepleiarstudent
Vi ber om at attestar, vitnemål og relevante referansar vert lagde ved søknaden.
Informasjon om pensjons- og forsikringsordningane til Stad kommune finn du her.
Stad kommune har seks månader prøvetid. Vi ber om referansar av nyare dato. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga.
Etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med avdelingsleiar Siv Helen J. Tødenes eller einingsleiar Heidi Munch Starheim.
Kontaktinformasjon
Siv Helen Johnson Tødenes, Avdelingsleiar, 480 97 859, siv.todenes@stad.kommune.noHeidi Munch Starheim, einingsleiar Hogatunet bu- og behandlingssenter, 48045210, heidi.munch.starheim@stad.kommune.no
Arbeidsstad
Skulevegen 246770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 5092775663
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.05.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Heidi Munch Starheim
einingsleiar Hogatunet bu- og behandlingssenter
48045210
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
57986a41-7f4c-4194-a213-0a5e2dac135b
- Sist endret
15. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ff6df96c79b3445781eb0f3ea470a949