Osterøy kommune ynskjer motivert lærling
Osterøy kommune Sektor for Oppvekst, Undervisning og Kultur
Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
Om jobben
Stillingstittel
Lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Antall stillinger
1
Osterøy kommune søkjer ein motivert og engasjert lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget frå hausten 2023. Læretida er på 2 år med start i stillinga rundt 01.08.2023.
Som lærling i vår kommune lærer du deg det du treng for å kunne ta fagprøve innan barne- og ungdomsarbeidarfaget. Etter fullført læretid og bestått fagprøve er du eit stort skritt nærare jobben du ønskjer deg. For å få mest muleg ut av tida som lærling i Osterøy kommune vil du arbeide både i samarbeid med kollegaer og etter kvart meir sjølvstendig.
Som lærling får du løn under utdanning, verdfull arbeidserfaring og godt dokumentert praksis.
Arbeidsoppgåver
Som lærling får du gjennom samarbeid med erfarne instruktørar og leiarar opplæring som er i samsvar med kompetansemåla i læreplanen. Du vil ha praksis innan både grunnskule og barnehage og få kjennskap og opplæring i kjerneoppgåver.
Arbeidsgjevar forventar ein gradvis auke i sjølvstendige vakter, i tråd med godkjent lønnstige. Jamfør retningsliner for lærlingordninga i Osterøy kommune.
Kompetanse
- Du har fullført og bestått VG1 og VG2, alternativt tilsvarande teori som kvalifiserer for læretid i faget.
- Du har gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du har lyst til å lære meir innan ditt fagområde
- Du er oppteken av å skape gode relasjonar med barn, foresatte og i arbeidsmiljøet.
- Du kan ta ansvar og likar utfordringar.
- Du er påliteleg og fleksibel.
- Du arbeidar strukturert og målretta med skriftleg studiearbeid gjennom læretida
- Du er ein god samarbeidspartnar og kan også jobbe sjølvstendig.
- Du er med i presentasjons- og rekrutteringsarbeid for lærlingordninga i Osterøy kommune
Vi tilbyr
Tilsetjingsvilkår er i samsvar med lov- og avtaleverk for lærlingar i faget. Læretida er to år.
Brutto månadsløn for lærlingar er for tida
1. halvår - 30% av fagarbeidarløn
2. halvår - 40% av fagarbeidarløn
3. halvår - 50% av fagarbeidarløn
4. halvår - 80% av fagarbeidarløn
I læretida tilbyr vi deg:
- Tett og individuell oppfølging/rettleiing av godkjent instruktør
- Eit spennande og aktivt læringsmiljø i ei teneste med fokus på fag og kvalitet
- Læremateriell
- Tilsetjingsvilkår er i samsvar med lov- og avtaleverk for lærlingar i faget.
Anna informasjon:
Søknad skal sendast elektronisk via rekrutteringssystemet vårt. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med servicekontoret vårt, tlf 56 19 21 00.
Ved tilbod om stilling må det leggjast fram politiattest i tråd med barnehagelova §30/opplæringslova § 10-9 fyrste stykke. Attesten kan ikkje vere eldre enn 3 md.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2292259
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3139117_189181_nn