Vil du vere ein operativ pådrivar og sentral seniorrådgivar i personvernspørsmål?
Riksrevisjonen
Storgata 16, 0155 Oslo, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Seniorrådgivar personvern
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 14. september
Du vil inngå i sikkerheitsstaben i administrasjonsavdelinga, som består av fem personar, og rapportere til sikkerheitsleiar/avdelingsleiar.
Kva vil du få jobbe med hos oss?
- Gi råd og rettleiing knytt til personvernregelverket
- Utvikle og vedlikehalde retningslinjer, rutinar, malverk og styringssystem
- Gjennomføre internkontrollar for å dokumentere etterleving av personvernlovgivinga
- Opplæring av tilsette i personvernregelverket og interne retningslinjer og rutinar
- Handtere avvik knytt til tryggleik for personopplysningar
- Medverke ved gjennomføring av risikovurderingar og personvernkonsekvensvurderingar
- Støtte i arbeidet med rapportering innan fagfeltet
Kva kompetanse har du?
- Du har høgare relevant utdanning frå universitet eller høgskule innan personvern, juss, informasjonsteknologi eller tryggleik. Omfattande og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning. Det er ein fordel om du har personvernrett/GDPR i fagkrinsen.
- Du har minimum tre års relevant erfaring innan fagfeltet, til dømes med rådgiving, utvikling av rutinar og malar, og opplæring.
- Du har god kjennskap til personvernlovgivinga.
- Du har gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Det er ønskjeleg, men ikkje eit krav, at du har:
- Erfaring med teknologi og informasjonstryggleik
- Kjennskap til relevante standardar for informasjonstryggleik
Stillinga krev at du kan bli tryggleiksklarert til nivå HEMMELEG, og oppstart føreset at klareringa er på plass.
Kven er du?
- Du likar å tileigne deg ny kunnskap og halde deg oppdatert innan personvernfeltet
- Du jobbar strukturert og sjølvstendig
- Du samarbeider godt med andre
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter, og evne til å forklare kompliserte problemstillingar på ein enkel måte, både munnleg og skriftleg
Kva får du hos oss?
Vi har fleksitid og sommartid, og tilbyr trening i arbeidstida med eit godt utstyrt treningsrom. Vi legg også til rette for ein hybrid arbeidskvardag.
Du blir medlem i Statens pensjonskasse, som inneber god tenestepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring, og moglegheit for gunstig bustadlån. Som medarbeidar i Riksrevisjonen får du 40 timar årleg til kompetanseutvikling. Om du seinare ønskjer meir fagleg påfyll, har vi gode ordningar for etterutdanning.
Du blir tilsett som seniorrådgivar. Årsløn frå kr 650.000 til 915.000. For spesielt kvalifiserte kandidatar kan høgare løn vurderast.
Høyrest dette interessant ut?Då håpar vi å høyre frå deg! Du søkjer via vår søknadsportal. I tillegg til CV og søknad, ønskjer vi at du legg ved vitnemål og eventuelle relevante attestar. Søkjarar med utdanning frå utlandet må leggje ved dokumentasjon frå NOKUT/HK-dir som stadfestar utdanninga sitt omfang og nivå samanlikna med tilsvarande norsk utdanning.
Om du ønskjer meir informasjon før du søkjer, kan du kontakte ekspedisjonssjef i Riksrevisjonen, Stig Folkvord, på e-post stf@riksrevisjonen.no eller telefon 464 27 385.
Vi er opptekne av å ha ein inkluderande og mangfaldig kultur. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik bakgrunn, kompetanse, erfaring og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn og/eller hol i CV-en, kan du krysse av for dette når du søkjer på stillinga. Det gir deg moglegheit til å få positiv særbehandling. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju.
Om du ønskjer å reservere deg frå offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngi dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om å ikkje bli oppført på lista. Vi vil varsle deg på førehand dersom reservasjonen ikkje kan imøtekomast, jf. lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd, § 25.
Kontaktinformasjon
Stig Folkvord, ekspedisjonssjef, 464 27 385, STF@riksrevisjonen.noNøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: RiksrevisjonenReferansenr.: 5006735775
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Riksrevisjonen skal bidra til at fellesskapets midler og verdier blir brukt og forvaltet slik Stortinget har bestemt. Dette gjør vi gjennom revisjon, kontroll og veiledning.
Riksrevisjonen skal være kompetent, uavhengig og objektiv. Høyt faglig nivå og tillit i samfunnet er viktig for oss. Internt legger vi vekt på lagånd, åpenhet og respekt for å oppnå gode resultater.
Vi har ca. 450 høyt kompetente medarbeidere ved hovedkontoret i Oslo og regionkontorene i Kristiansand, Bergen, Trondheim, Bodø, Tromsø og Hamar.
Les mer om oss på www.riksrevisjonen.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
577b8865-872f-41b2-9d5c-f5b090f10e9f
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0bb92370ec9d444c9b0f54604d79d0f4