Studiekonsulent (førstekonsulent) - vikariat
Universitetet i Bergen
Allegaten 41, 5007 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Studiekonsulent (førstekonsulent) - vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w
Studiekonsulent (førstekonsulent) - vikariat
Vil du vere med på vidareutvikling av våre ettertrakta og samfunnsaktuelle studieprogram? Og kva med saksbehandling og rettleiing av våre mange dyktige informatikkstudentar? Då må du søke på Institutt for informatikk sin ledige vikarstilling som studiekonsulent! Vikariatet gjeld i første omgang til og med 31.12.2025, men kan bli forlenga.
Som del av vår studieseksjon blir du med i eit solid og velfungerande lag med ein studieleiar og fem studiekonsulentar som jobbar direkte med studentar og undervisarar og har ansvar for sakshandsaming, rettleiing og utvikling knytt til våre utdanningstilbod. Du blir også med i det godt etablerte nettverket for studieadministrative medarbeidarane ved Fakultet for naturvitskap og teknologi, og dei andre tilhøyrande institutta.
Studiekonsulenten rapporterer til administrasjonssjefen. Studieseksjonen tilhøyrar instituttadministrasjonen med til saman 13 medarbeidarar, leia av administrasjonssjefen. Målsetjinga for administrasjonen er å leggje til rette for at det kan drivast forsking, formidling og utdanning av høg kvalitet ved instituttet.
Om instituttetDigitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom åtte etablerte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, fagdidaktikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. I tillegg har vi Center for Data Science (CEDAS), Energy Informatics lab. Instituttet tilbyr utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk spel i samfunnet, er instituttet stadig i vekst. Vi har nå om lag 1000 studentar og 150 tilsette, deriblant 34 professorar/ førsteamanuensar.
Arbeidsoppgåver:
Du vil få varierte arbeidsoppgåver innan studieadministrasjonen, mellom anna:
- Koordinering av undervisning i emnet INF100, Innføring i programmering. Emnet har omlag 600 studentar i snitt pr semester, og er med dette eit av de største emna ved UiB.
- Rekruttering og koordinering av studentmedarbeidarar til undervisningsassistanse og til studentane si "orakelteneste".
- Timeplanlegging av emnar
- Bidra i eksamensarbeidet, inkl. klagesaker, som del av eksamensteamet ved instituttet
- Sekretærfunksjon for hovudprogramstyret for studieprogramma i informatikk
- Anna saksbehandling, utgreiing, og utviklingsoppgåver kan også verte aktuelt
Oppgåveporteføljen i stillinga kan verte endra over tid.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Du må ha:
- utdanning på bachelorgrads nivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
- god digital kompetanse og evne til å tileigne deg nye ferdigheiter
- gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk, nynorsk og engelsk
Det er ein føremon om du også har:
- relevant praksis innan sakshandsaming og rettleiing
- kjennskap til dei felles studieadministrative systema på universitetet
- erfaring frå universitets- og høgskulesektoren
Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga, mellom anna:
- evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
- å vere fleksibel, initiativrik og problemløysingsinnstilt
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Vi tilbyr:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt og internasjonalt fagmiljø
- Stilling som førstekonsulent (kode 1408) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn mellom kr. 535 800,- til kr. 575 000,-, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til leiar for studieseksjonen / fungerande administrasjonssjef, Eirik Rekve Thorsheim.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med seniorkonsulent Vivian Stegen Jacobsen, vivian.jacobsen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
577aab23-b9bd-414a-8964-3eb564f2637a
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10253096