Fagkoordinator
Bu- og habilitering seksjon gneis, Herøy kommune, Bu- og habiliteringsavdelinga
Kvithaugsmyra 4, 6092 Fosnavåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagkoordinator
Oppstart
1. oktober 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 26. august
Ønska du moglegheita å snakke med, støtte og motivere brukarane våre, samtidig som du får jobbe på systemnivå? Då kan du vere den vi ser etter!
I bu- og habiliteringsavdelinga har vi ledig ei fast, 100 prosents stilling som fagkoordinator og miljøterapeut i seksjon gneis. Bu- og habiliteringsavdelinga høyrer til helse- og omsorgssektoren i kommunen.
Avdelinga har ansvar for tenester til menneske med utviklingshemming og andre funksjonsnedsettingar som har behov for bistand i eigen heim. Arbeidet er for tida i todelt turnus og har 35,5 timers arbeidsveke. For tida er det arbeid kvar tredje helg. Arbeidstida er fordelt på både korte og lange vakter i turnus og ein fast dag i veka knytt til fagkoordinatorrolla.
Vi søker deg som ser løysingar framfor avgrensningar, som står opp for det du meinar og tek ansvar for eigen arbeidskvardag.
Arbeidsoppgåver
- fagleg rådgjeving og tilgjengeleg ressurs for andre tilsette
- koordinere arbeidsgrupper, rutiner og opplæring på arbeidsplassen
- sakshandsaming
- samarbeide med seksjonsleiar og må kunne ta ansvar i seksjonsleiar sitt fråvær
- kan verte pålagd å fungere som primærkontakt i periodar der ein ikkje har anna personale til å fylle rolla
- arbeid med elektronisk arbeidsplanverktøy, ajourhald og medverke i turnusarbeidet
- ansvar for å utarbeide og evaluere vedtak etter kapittel 9 i Helse - og omsorgstenestelova, saman med leiar og primærkontakter
- legemiddelhandtering
- bistand til daglege gjeremål og fritidsaktivitetar
- målretta miljøterapautisk arbeid
- journalføring
Kvalifikasjonar
- autorisasjon i vernepleie eller sjukepleie, andre søkarar med helse- og sosialfagleg bakgrunn kan bli vurdert
- relevant erfaring innan liknande arbeid
- kunnskap og erfaring i sakshandsaming
- har kunnskap om ulike IKT verktøy og velferdsteknologi, og kan bruke dette som arbeidsverktøy, t.d Gerica og Visma Flyt Ressursstyring.
- kjennskap og erfaring til Helse og omsorgstenestelova kapittel 9
Godkjent politiattest må leggjast fram før tilsetjing.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Det er krav om førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- gode samarbeids- og relasjonseigenskapar, og evne til å skape entusiasme og motivere kollegaer
- vere med å skape mål og visjonar for tenesta
- vere fleksibel og arbeide strukturert og målretta
- gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg
- ha evne til å vere inkluderande, handlekraftig, påliteleg, ta initiativ og ha gjennomføringsevne
- må kunne handtere og stå i komplekse utfordringar innan eit breitt og krevande ansvarsområde
- sette pris på å arbeide med, og i lag med mennesker
Vi legg vekt på at søkjaren er eigna for stillinga.
Vi tilbyr
- utfordrande, varierte, interessante arbeidsoppgåver og gode kollegaer
- deltaking i bu og habilitering si faggruppe, saman med andre fagkoordinatorar og leiing
- fagleg godt miljø med yrkesgruppe som vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog og fagarbeidar
- løn etter gjeldande tariffavtale
- gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
- IA-bedrift
- stipendordningar ved vidareutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg
- elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI) og Visma Veilederen
- Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkjarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.
Kontaktinformasjon
Beate Lyshagen, Seksjonsleiar, +47 90863291, beate.lyshagen@heroy.kommune.noLene Muren, Seksjonsleiar, 46852881, lene.muren@heroy.kommune.no
Arbeidsstad
Kvithaugsmyra 46092 FOSNAVÅG
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 4992391709
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.10.2025
Søknadsfrist: 26.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
57517932-07c9-48ae-b9a5-6b693a9ebde0
- Hentet fra
talentech
- Referanse
74fa7ff718b44f07bf2c7d3a273ad5f2