Sjåfør for renovasjonsbil
Nordfjord Miljøverk Iks
Øyane 9, 6770 Nordfjordeid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjåfør (renovasjonsbil)
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk, skandinavisk eller engelsk
Antall stillinger
1
NoMil skal vere ein hyggjeleg plass å arbeide, med sterk fokus på arbeidsmiljøet og at våre tilsette skal ha ein trygg arbeidsplass. Vi har sterk fokus på HMS og ynskjer at du bidreg til at vi når våre mål. Vi ynskjer å ha trygge renovatørar som køyrer skadefritt, og du må like å ta vare på bil og utstyr.
Det er viktig å ta vare på miljøet, på våre kundar, og ikkje minst andre trafikantar som ferdast på både tronge og krunglete vegar.
Renovatør/sjåførNoMil søkjer etter ny renovatør/sjåfør i 100% fast stilling med oppmøtestad på Nordfjordeid i Stad kommune.
For stillinga er det eit krav om at du har:
-
førarkort klasse C eller CE og YSK
-
god hele og fysikk
-
snakkar og forstå norsk tilsvarande nivå B2
-
normale digitale ferdigheitar
-
fagbrev innan transportfag vert vektlagt
Du bør ha en positiv innstilling, og vere ein engasjert og god kollega med godt humør. Det er viktig å ha god arbeidsmoral, vere nøyaktig og til å stole på, og lojal mot selskapet og våre abonnentar.
Vi tilbyr-
ein attraktiv arbeidsplass med gode kollegaer
-
konkurransedyktige lønsvilkår med tillegg for fagbrev
-
gode pensjons- og AFP ordning gjennom KLP som og tilbyr gunstige private lån og forsikringar
Nomil er oppteken av å ha gode og ryddige forhold på arbeidsplassen, og gje god opplæring og personleg utvikling til våre tilsette.
Om bedriften
Nordfjord Miljøverk - NoMil - er eit interkommunalt renovasjonsselskap for kommunane Gloppen, Stryn, Bremanger, Stad og Kinn. Selskapet si hovudoppgåve er knytt til avfalls-handtering i kommunane. Selskapet har hovudkontor på Sandane med avdelingar på Nordfjordeid og i Florø
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2864856
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
57357935-5869-4faf-9535-b1aaf251c4a4