Helsefagarbeidar - Svingen og Reini bufellesskap
Svingen og Reini, Vinje kommune
Vinjevegen 192, 3890 Vinje, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar - Svingen og Reini bufellesskap
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. mars
Svingen og Reini bufellesskap er moderne bufellesskap, med høvesvis 11 og 4 leilegheiter og fellesareal inne og ute. Me yter tilrettelagte tenester til menneske med ulike funksjonshemmingar, i alle aldrar og med ulike trong for hjelp. Her har den einskilde vedtak på tenester, og arbeidet vårt er å hjelpe den enkelte i ulike daglegdagse gjeremål. Det betyr alt frå pleie, omsorg og veiledning, til å bli med på ulike aktivitetar. I tenesta vår samarbeider me med fleire ulike instansar, spesialisthelsetenesta, tverrfagleg helseteneste i kommunen og ulike arbeidstiltak.
Me har eit godt arbeidsmiljø, og er ein glad gjeng som hjelper og støttar kvarandre. Me arbeider kontinuerleg for å ha eit breitt fagleg fokus og halde oss oppdaterte for å yte gode tilbod til bebuarane.
Me legg vekt på endrings- og utviklingsarbeid, med fokus på kompetanse, tverrfagleg samarbeid, og på å ta i bruk ny teknologi.
Turnus dag/kveld, med arbeid kvar 3. helg.
Arbeidsoppgåver
- Skape gode dagar for den enkelte bebuar i høve deira ressursar og interesser
- Ivareta den enkelte bebuar sine behov i eit livsløpsperspektiv
- Målretta miljøarbeid og helseoppfylging hjå bebuarane
- Utføre kliniske vurderingar og fortløpande vurdere bebuaren sin heilskaplege tilstand
- Primær- og sekundærkontaktoppgåver
- Samarbeid med pårørande
- Samarbeid med kollegaer, fastlege, ergo/fysio, sjukeheim, spesialisthelsetenesta m.m.
Kvalifikasjonar
- Me søkjer primært deg med ein helsefagleg utdanning, men andre kan også søkje
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne, norsk kunnskap nivå B2
- Førarkort klasse B for manuelt gir
Personlege eigenskapar
- Du bidrar aktivt til eit positivt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt
- Du er løysingsorientert og tek nye utfordringar
- Du skapar gode relasjonar til bebuarar, pårørande og andre samarbeidspartnerar
- Du er fleksibel og strukturert
- Du kan jobbe både sjølvstendig og i team
- Du har interesse for å ta i bruk ny teknologi
- Det er ynskeleg at du har erfaring frå helse og omsorgsarbeid
- Personlege eigenskapar og eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Tett oppfølging av eigen mentor og avdelingsleiar
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Hjørdis Ringhus Saupstad, Avdelingsleiar Svingen og Reini, +47 97028218Arbeidsstad
Vinjevegen 1923890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 4903982043
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.03.2025
Kontaktperson for stillingen
Hjørdis Ringhus Saupstad
Avdelingsleiar Svingen og Reini
+47 97028218
Om bedriften
Me har ansvar for tilrettelagte tenester til menneske med ulike funksjonshemmingar i alle aldrar, med ulike bistandsbehov. Svingen og Reini er moderne bufellesskap med 11 bustadar på Svingen, og 4 bustadar på Reini. Avdelinga har 37 årsverk med ulik fagleg bakgrunn og kompetanse.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2864560
- Hentet fra
talentech
- Referanse
dbb4eae1a21544b68243852be17a2cd0