ID 1857 Danselærar – Eining for kultur
Stord kommune
Stord
Om jobben
Stillingstittel
Danselærar, kulturskule, kulturskole
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, ukedager
Antall stillinger
1
Eining for kultur har ansvar for drift av Stord folkebibliotek, Stord kulturskule, Stord kulturhus og kino, samt ein fagstab som handsamar andre saker innan kulturfeltet t.d. kulturminne, kunst, DKS, Frivilligsentral, BUA, samarbeid med lag og organisasjonar, osb.
Stord kulturskule har ledig to stillingar knytt til undervising i dans, frå august 2022.
-
Fast stilling i 25%, frå 01.08.2022
-
Vikariat i 100% stilling i perioden 10.08.2022 -- 23.06.2023
Det er mogeleg å søkje begge stillingane. Skriv i søknaden om du berre søkjer på ein eller begge stillingane. Det kan og bli aktuelt med utviding av den faste stillinga frå august 2023.
Om stillinga
Stord kulturskule søkjer etter allsidig danselærar, med hovudvekt på klassisk ballett. I tillegg må lærar kunne undervise i jazz og moderne, samt dans for barn i førskulealder. Stord kulturskule har tradisjon med å sette opp framsyningar gjennom skuleåret, dans er ein naturleg del av dette og det forventast at danselærar tek del i dette arbeidet. All undervisning er lagt til ettermiddagstid. Danselærarar disponerer eige arbeidsrom/kontor.
Stord kulturskule har eige danselokale i Osen 6, her er det to dansesalar med egna golv, spegel og barrar. Lokalet ligg i kort avstand til Stord kulturhus der Stord kulturskule har administrasjon og all anna undervisning.
Kvalifikasjonskrav:
- Danselærarar med utdanning frå høgskule, universitet eller anna relevant utdanning.
- Søkjar må beherske munnleg norsk.
- Den som vert tilsett må leggje fram politiattest.
Me kan tilby:
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Nærare opplysningar får du ved å venda deg til rektor i Stord kulturskule, Gareth Whittaker. Tlf: 53496798 / 41540917 eller e-post: gareth.whittaker@stord.kommune.no
Meir informasjon om Stord kulturskule https://www.stord.kommune.no/stord-kulturskule.433454.nn.html
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2017731
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
56f69eca-2e11-4fe5-afee-721b75d1cbc8