Matros til hurtigbåtane Bergen – Nordfjord – Sogn
Fjord1 - Maritim Drift
Strandkaien 15, 5013 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Matros til hurtigbåtane Bergen – Nordfjord – Sogn
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 9. desember
Vi i Fjord1 er både stolte og glade over å få hurtigbåtrutene mellom Bergen, Nordfjord og Sogn tilbake til oss.
I samband med oppstart av ny kontrakt søker vi no etter ein matros som vil bli ein del av mannskapet om bord på hurtigbåtane på desse rutene.
Turnus er 1 veke på jobb og 2 veker fri - perfekt for deg som ønsker ein god balanse mellom jobb og fritid. Du kan reise heim etter endt vakt, men vi tilbyr også hybel i arbeidsperioden for dei som ønsker dette.
På denne ruta får du oppleve noko av dei flottaste områda og naturen Vestlandet har å by på, samtidig som du blir ein del av eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.
Vi tek over drifta av ruta 1.desember.
Vi tilset fortløpande. Oppstartstidspunkt blir avtalt nærare.
Arbeidsoppgåver
Utfør arbeidsoppgåvene i tråd med stillingsinstruksen for den aktuelle rolla.Kvalifikasjonar
- Ferdighetsertifikat matros
- Sikkerheitskurs i høve kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhåndteringskurs
- Gyldig helseattest
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som er serviceinnstilt, ansvarsbevisst og løysingsorientert. Du har gode samarbeidsevner, kommuniserer godt med andre og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø. Samtidig tek du ansvar, arbeider sjølvstendig og har fokus på tryggleik og kvalitet.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst.
- Turnus: 1 veke på og 2 veker fri. Ein periode med 2 veker på og 4 veker fri om sommaren.
- Hybelordning i arbeidsperioden.
- Attraktive velferdsordningar; firmahytter, leiligheiter, behandlingsforsikring, treningsstøtte og gode rabattordnigar.
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande og dyktige kollegaer.
- Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.
Kontaktinformasjon
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.noArbeidssted
Strandkaien 155013 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim DriftReferansenr.: 5215228986
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.12.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
56ec89ce-aea5-4a07-9f56-6add0c647529
- Sist endret
24. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8a1a32a3da8a44a1a2845137c49ec5b9