Matros i 2:4-turnus!
Fjord1 - Maritim Drift
Fv269 5108, 5108 Hordvik, Strandkaien 15, 5013 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Matros i 2:4-turnus i sommarruta og på reservefartøy p.t. MF Sogn
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 2
Søk på jobben
Søk senest mandag 30. november
Som matros i denne stillinga får du arbeide både i fast sambandsdrift og på reserveferje. Frå om lag mai til og med september vil du vere fast disponert i sommarruta p.t i sambandet Jondal – Tørvikbygd. Resten av året vil du vere knytt til reserveferja, p.t. MF Sogn, med base på Steinestø ferjekai, om lag 25 minutt nord for Bergen. Her vil du bidra til å halde fartøyet driftsklart og seile ut på samband der det er behov for ekstra kapasitet, avløysing eller støtte i samband med planlagde verkstadsopphald.
Stillinga har fast turnus med 2 veker på arbeid og 4 veker fri, noko som gir moglegheiter for ein god balanse mellom jobb og fritid. Du vil få fast lønn, gode arbeidsvilkår og ein 98-timars arbeidsveke.
I vinterhalvåret får du dekka reiseutgifter mellom bustad og arbeidsstad når reiseavstanden er over 15 km.
Ønskjeleg med oppstart så snart som mogleg.
Arbeidsoppgåver
- Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
- Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
- Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Verne- og miljøarbeid
- Kundehandsaming
- Andre oppgåver i samsvar med stillingsinstruks for matros
Kvalifikasjonar
- Ferdighetssertifikat matros
- Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein påliteleg matros med gode samarbeidsevner, og eit høgt fokus på tryggleik. Du må vere ansvarsbevisst, fleksibel og kunne handtere varierte arbeidsoppgåver både sjølvstendig, og som del av eit team.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjømannsforbund.
- Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap.
- Turnus: 2 veker på, og 4 veker fri, 98 timars arbeidsvekeveke.
- Vinterhalvåret får du dekka reiseutgifter mellom bustad og arbeidsstad når reiseavstanden er over 15 km.
- Ein bur om bord når ein er på vakt.
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsriking og gode rabattordningar.
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
- Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.
Kontaktinformasjon
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.noArbeidssted
Fv269 51085108 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim DriftReferansenr.: 5209902789
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c43ee87c-84e8-4f1d-af2f-4d6fc8848535
- Sist endret
18. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
51176410878d44b288ce106647d3be71