Vil du jobbe med økologisk tilstand/naturrekneskap hos oss?
Miljødirektoratet
Brattørkaia 15, 7010 Trondheim, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
To faste stillingar til arbeid med økologisk tilstand og naturrekneskap
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. august
Om stillinga
Vi leitar no etter ein engasjert kollega som kan bidra til utforming, utvikling og koordinering av Miljødirektoratets arbeid med tilstandsrekneskap og vurdering av tilstanden til økosystema.
Seksjon for miljøovervaking og miljødata arbeider mellom anna med å innhente kunnskap om tilstanden i miljøet gjennom miljøovervakingsprogram og systematisere denne kunnskapen i fagsystem. Seksjonen har ansvar for fagsystemet for økologisk tilstand og naturindeks som er viktige verktøy i forvaltninga mellom anna for å vurdere om Noreg oppnår dei nasjonale miljømåla sine. Dei er også eit viktig kunnskapsgrunnlag i arbeidet med naturrekneskap (tilstandsrekneskap).
Arbeidet i seksjonen involverer mellom anna strategisk planlegging og formidling av resultat frå fagsystema, koordinering av fagansvarlege internt i direktoratet, administrasjon av kontraktar med forskingsinstitusjonane, og dessutan kontakt med forskarar, konsulentar og andre sektorstyresmakter.
Seksjonen har ansvar for tilstandsrekneskapen og ein viktig del av stillinga er å bidra inn i naturrekneskapsarbeidet, og dessutan sikre god kopling mellom naturovervaking, fagsystema og tilstandsrekneskapen.
Seksjonen koordinerer også Miljødirektoratets forskingsarbeid, arbeidde med indikatorar, miljøstatistikk og anna miljødataarbeid.
Seksjonen har i dag 19 medarbeidarar med arbeidsstad både på Brattøra i Trondheim og på Helsfyr i Oslo. Arbeidsstad for disse stillingane er i Trondheim.
Stillinga sine hovudansvarsområde
- koordinere fagsystem for økologisk tilstand
- bidra i arbeidet med naturrekneskap (tilstandsrekneskap)
- drift av naturovervakingsprogram på land
- sikre god kopling mellom naturovervaking, fagsystem for økologisk tilstand og tilstandsrekneskapen
- formidling av både tilstanden i naturen, korleis Miljødirektoratet arbeider med å overvake og betre tilstanden
Kompetansekrav
Kvalifikasjonar- du har mastergrad i biologi eller tilsvarande
- du har god kunnskap om naturmangfald og økosystem i Noreg
- du har god forvaltningsforståing og gjerne relevant erfaring frå offentleg forvaltning
- du har svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne, på norsk og engelsk
- det er ønskjeleg at du har erfaring med å tolke/vurdere og kommentere på fagrapportar
- det er ønskjeleg med relevant erfaring, men nyutdanna kan også søkje
- det vil telje positivt om du har erfaring frå
- prosjektarbeid
- offentlege anskaffingar
- kartteknisk kunnskap, t.d. GIS
- visualiseringsverktøy som PowerBI
- erfaring med miljøovervaking
- du har god rolleforståing og evne til å setje oppgåvene inn i ein heilskap
- du har gode relasjonelle eigenskapar og samarbeider godt på tvers av ulike fagområde
- du er strukturert og har god gjennomføringsevne
- du evnar å prioritere og tek ansvar for framdrift og kvalitet i leveransane dine
- du har evne til å utvikle eigne ferdigheiter og liker å dele kunnskap med andre
Vi vil leggje stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- fast stilling som rådgivar eller seniorrådgivar, med lønn frå kr. 560 000 til kr. 830 000 etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskilt kvalifisert søkjar kan vurderast noko høgare.
- utfordrande arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
- faglege utfordringar, med moglegheit for individuell utvikling i eit godt arbeidsmiljø
- moglegheit for avtale om heimekontor inntil 2 dagar pr veke
- eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert ein time trening i arbeidstida
- fleksible arbeidstidsordningar og pensjons- og bustadlånsordningar i Statens pensjonskasse
Har du spørsmål?
Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Anne Sundbye på e-post anne.sundbye@miljodir.no eller mobil 958 35 958 etter 11. august, eller seniorrådgivar Ane Kvernvik på e-post ane.cecilie.kvernvik@miljodir.no eller mobil 98 01 84 39 etter 5. august.
Send gjerne SMS og oppgi referanse 64-2025 VMM, så ringjer vi deg opp igjen.Generelle opplysningar
Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.
Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal. Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.
Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa vår.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining.
Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene i Miljødirektoratet. Vi utviklar og følgjer opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analysar, overvaker og kartlegg artar, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparkar og naturreservat. Nokre oppgåver krev at tilsette med ulik fagkompetanse jobbar saman på tvers. På den måten sikrar vi størst mogleg fagleg tyngd i leveransane våre. Vi lærer av kvarandre og utviklar oss internt. Andre arbeidsoppgåver krev sjølvstendig jobbing.
For å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg vis, treng vi medarbeidarar i alle aldrar med ulike fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaringar og perspektiv. Er du kvalifisert til ei ledig stilling, oppfordrar vi deg til å søkje.
Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har om lag 830 fast tilsette ved kontora våre i Trondheim, Oslo Svolvær og Tromsø, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor. I tillegg har vi om lag 130 deltidstilsette rovviltkontaktar over heile landet.
Se alle ledige stillingar i Miljødirektoratet.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
56e0bb4c-20c8-44f7-9ac4-ffc171654374
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10256553