100% stilling som rektor ved vaksenopplæringen, Odda
Ullensvang kommune Oppvekst og utdanning
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 11. april
Arbeidsstad: Odda
Vaksenopplæringa i Odda har tilbod om opplæring i norsk og samfunnskunnskap til deltakarar i introduksjonsprogram, familiesameinte og arbeidsinnvandrarar samt grunnskuleopplæring, kombinasjonsklasse i samband med Odda vg.skule og individuelt tilrettelagt opplæring for vaksne. Vaksenopplæringa er og teststad for gjennomføring av norskprøvar, prøvar i samfunnskunnskap og statsborgarprøven. Dei nyttar ulike digitale plattformer til både samarbeid mellom lærarane og i samhandling med elevar og samarbeidspartar. Det er eit tett samarbeid med vaksenopplæringa i Kinsarvik, Voss og Kvam i tillegg til verksemd for inkludering. Nynorsk er administrasjonsspråket i kommunen.
Vår standard for rektorar:Arbeidsoppgåver:
God verksemdsstyring: Sørge for effektiv drift av skulen.
Utfordra og støtta tilsette: Skapa eit trygt og godt arbeidsmiljø som gjer tilsette i stand til å utføra arbeidet sitt effektivt og med engasjement.
Leia og utvikla læringsfellesskapet: Skapa ein kultur for læring i eit inkluderande, trygt og godt skulemiljø.
Omdømmebygging: Vidareutvikla skulen sitt gode omdømme.
Samarbeid med aktuelle fagforeiningar og vernetenesten: Byggja og vedlikehalde eit godt og tillitsfullt samarbeid.
Planleggja og gjennomføra opplæring: Sikra variert og framtidsretta opplæring av høg kvalitet med god progresjon.
Samarbeid:
Bidra i leiarfellesskapet: Vere ein aktiv deltakar i leiarfellesskapet innan skule og kommunale satsingar.
Delta i lærarteamet: Vere ein aktiv deltakar og bidragsyter i lærande fellesskap og lærarteam ved skulen.
Kvalifikasjonar for stillinga:
Utdanning og formell kompetanse for dette skuleslaget.
Erfaring som leiar frå skule og opplæring.
Vidareutdanning i utdannings-/ og skuleleing er eit pluss.
Erfaring med å leia endrings- og medverknadsprosessar.
Kunnskap om nytt læreplanverk og opplæringslova frå 01.08.24.
Kompetanse i varierte arbeidsmåtar og vurderingsformer.
God økonomiforståelse og erfaring med arbeid knytt til budsjett og reknskap.
Gode digitale ferdigheiter.
Gode eigenskapar innan kommunikasjon både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar:
Positivt menneskesyn: Du ser det beste i andre menneske.
Klare tankar om den gode skulen: Du veit kva som gjer ein god skule og kan setja det ut i praksis.
Ambisiøs for deltakarane og skulen: Du har høge forventningar til deltakarane og skulen sin suksess.
Synleg og lyttande: Du er til stades og tek omsyn til andre.
Utviklingsorientert og målretta: Du jobbar for å forbetra og nå mål.
God leiarstil: Du byggjer gode relasjonar og kommuniserer tydeleg med deltakar, tilsette og samarbeidspartar.
Verdi av lagånd, openheit og tillit: Du forstår betydninga av samarbeid og gjensidig respekt.
Byggjer gode læringssystem: Du er opptatt av å etablera gode læringsmiljø på alle nivå.
Bidreg til heilskapen: Du ser oppdraget ditt som ein del av å forbetra heile Ullenvangskulen og oppvekstsektoren.
Varierte arbeidsoppgåver.
Spennande arbeid.
Støtte gjennom nettverksmøter for nye rektorer og deltaking i eit sterkt rektorkollegium.
Gode lønnsvilkår.
Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
Fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Politiattest jfr opplæringslova.
01.08.25.
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Velkomen som søkjar hjå oss!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2899059
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3483253_189347_nn