Sekretær
Husnes-/Odda utekontor, BUP-Stord, Merkantile tjenester Stord DPS/BUP
Stølshaugvegen 3, 5460 Husnes, Tysevegen 64, 5416 Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sekretær
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 20. juli
No søkjer vi etter deg som trivs i ein kvardag med mange ulike oppgåver.
Me treng ein dyktig og engasjert sekretær som vil bli ein nøkkelperson i det tverrfaglege teamet vårt innan psykisk helsevern og rus. Du er ofte den første stemma pasientar og pårørande møte, og den siste som sørgjer for at alt heng saman.
Hos oss handlar sekretærrolla om å kombinera struktur og oversikt med empati og driv. Du er den som får logistikken til å flyta, som held oversikt når ting stormar, og som bidreg til at me leverer helsetenester med kvalitet, varme og presisjon.
Stillinga er ein del av eit fagmiljø med fire fagstillingar ved kontoret på Husnes, og tre fagstillingar ved kontoret i Odda. Du sitt fast på Husnes. Utekontora våre skal gi tilbod til pasientar frå Ullensvang og og Kvinnherad. Kontoret på Stord dekkjer Stord, Fitjar, Bømlo og Tysnes. I tillegg til BUP-en består avdelinga av merkantile tenester Stord DPS/BUP av allmennpoliklinikk for barn og unge (BUP), FACT ung, allmennpoliklinikk for vaksne, døgnpost for vaksne og TSB,. Me har eit godt og stabilt fagmiljø, med lokalt forankra helsepersonell.
Arbeidsoppgåver
- Kvalitetssikring av tenester og rapportering
- Koordinera pasientforløp, som booking av konsultasjonar og oppfølging av timeavtalar.
- Yta støtte til pasientar og pårørande, både ved resepsjonen og via telefon og e-post.
- Utføra administrative oppgåver som saksbehandling, skriving etter diktafon, skanning, korrespondanse og fakturering.
- Andre kontorfaglege oppgåver
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning/arbeidserfaring innen kontorfag eller administrasjon
- Erfaring med bruk av elektronisk pasientjournal (t.d. DIPS) og andre relevante IT-verktøy (t.d. M365, Elements, Excel)
- Det er ønskeleg med erfaring frå fagområde psykisk helse og/ eller rus
- Må beherske godt norsk skriftlig og munnleg
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- liker å yta service til pårørande og pasientar i ein vanskeleg livssituasjon
- kunne jobbe selvstendig, strukturert og løysningsorientert
- kunne takle en hektisk arbeidshverdag
- ønskjer å levera på drift og prosjekt
- er glad i eit sosialt arbeidsmiljø der mange av oppgåvene krev samarbeid med andre
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenesteforsikring.
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søker gi til kjenne dette i søknaden.
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Evelyn Sjo, Funksjonsleiar merkantile tjenester SDPS/BUP, +47 91 52 52 93, evelyn.sjo@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Stølshaugvegen 3
5460 Husnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4985608689
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
56bef5c7-b0d4-48cf-ac78-446da40280a5
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6e55bef9f07e4a3a9dd70f909256cc7c